Som de flittige lesarar har forstått, frekventerer ikkje Frontlosjen i frontlosjane like ofte som vi burde. Les: vi er ikkje like ofte å sjå blant publikummet til dei store institusjonane som i tilskodarmassen i mindre permanente visningslokale.

Korfor? Spør de kanskje.
Er det fordi vi har studert så mykje at vi kjenner oss for gode til å sjå mainstream teater?
Neida. Seier vi.
Det er berre det at stykka på DNS og Trøndelag teater går så innmari ofte. Ein må ikkje ubetinga sjå det premiereveka – det er jo ørti framsyningar å ta av! Ein venter til neste lønning. Og vips, der var vi for seint ute.

Men like naiv som før gjer Frontlosjen seg eit nytt forsett no i sesongstart (i alle fall bergensseksjonen, men tykkjer det burde gjelde fleire av oss): denne hausten blir det andre bollar. No skal vi (eg) sjå (nesten) alt som går på DNS (/TT). Så langt pengane rekk.
Underteikna er alt seint ute med meet me (september er ikkje over enno!), men har brakstarta med sjølvaste storproduksjon og urpremiere Dyveke.

Og eg kunne legge ut i det vide og det breie om FANTASTISK scenografi, litt vel hysterisk kjærleik og kjekke statistar. Men av og til kan Frontlosjen sin synsvinkel på livet bli litt vel repetitiv (sjøv om eg satt på balkong). Og sidan eg denne gongen var omgitt av ein haug kloke historikarar frå universitetet, er det jo passande å la dei sleppe til for å oppsummere denne historiske 1500-tals hendinga frå røynda. Så med stolne mellomaldarekspert-ord, utan vidare introduksjon:
Handlinga var feil, kostymane var feil, krigane var heilt feil. Men det var gratis, da. Terningkast fem. Og utan å røpe for mykje: ikkje bli for knyta til han der Okse, for å seie det sånn.

Hm. Kanskje eg likevel skal omtale sjølv neste gong. For det blir ein neste gong. I haust.
Statister frå Studentteateret Immaturus: Anabalón, Jonatan Lohne, Johansen, Susanne Rytter, Slettebak, Jone Torheim, Straume, Marie Kallevik, Malo, Anna Louise Bakken, Homlung, Fanny Olausson, Brastad, Camilla, Fossum, Alv Myhre Ketan, Johannessen, Daniel, Tingstad, Vidar Strøm – Regissør: Hungnes, Svein Sturla – Scenograf,Kostymedesignar: Hegrenes, Åse – Maskør: Anderson, Helena – Koreograf: Danielsen, André – Ljosdesignar: Bjarkø, Einar – Dramaturg: Iversen, Solrun Toft – Skodespelarar: Bache-Wiig, Julia, Kvamme, Wenche, Winther, Frode, Sandem, Audun, Bjorøy, Frode, Andersen, Bjørn Willberg, Rønning, Pål, Kalsås, Kim, Hovind, Sigmund Njøs, Eide, Tomine Mikkeline, Haugro, Hanna Misje.
– Ragnhild
1 svar til “Institusjonen, til og med!”
[…] er det ikkje det same kvar gong. Ein veit aldri kva ein går til. Det kan like greit vere eit historisk drama, ei kiste med forteljarmagi eller nokon som ber deg om å lage eit […]