Kategorier
Kvardagsglimt Test

I want … hockeypulver

Til alle som lenge har vurdert å ta med seg hockeypulver på teater, her kjem eit godt råd.

No er det lenge vi har drive med forbrukarjournalistikk, så det er på tide å ta opp den gamle klassikaren Frontlosjen testar teatersnop. Denne gongen var det Hockeypulver som stod for tur, etter tips frå ein lesar. Er hockeypulver yey eller ney som teatersnop? Finn det ut no!
DSC_1381
Kor mykje det bråker: Sjølve etinga bråker ikkje, men det lagar litt lyd når ein tar av og sett på lokket.
Mengde: Akkurat passe om du er akkurat passe glad i lakris.
Pris: lommerusk.
Smak: Det smakar jo salt lakris, ingen overraskingar.
Korleis det påvirker teateropplevinga: Det tek veldig mykje fokus å åpne lokket heile tida. Også får ein ikkje så mykje i munnen samtidig når ein skal konsumere det med fingrane. Og det er nok ganske forstyrrande for sidepersonen sidan handa går opp og ned heile tida. 
korleis ein kjenner seg etterpå: tom.
Konklusjon: Boksen kan misforstås som ei snuseske og pulverformen gjer at ein kjenner seg som ein som er avhengig av kokain. Etter å ha åpna boksen tre gonger gidd ein ikkje meir fordi det tar for mykje fokus. Dessutan er det ikkje særleg hygienisk å dele med andre heller. Ikkje bestått!
DSC_1383
 Gjett kva godteri som skal gjennom ilden neste gong!
– Ingrid

Legg igjen en kommentar