Cornerteateret er det fagre teatret som husar festivalen vår for andre gong. Med ei skjønn foreining av barneteater, kontorplassar, produsentar, teaterskole, ildsjelar, festivalar og scenekunst i alle former og fasongar, er dette absolutt eit av våre favorittbygg i Bergen. Produksjons- og visningshuset blir drive av Teaterdrift Bergen AS, som er eit sambuarskap mellom Vestlandske Teatersenter og Proscen.
Vi har tatt ein prat med dagleg leiar, Marit Eikemo.
Kan du fortelje litt om deg sjølv
og kvifor du søkte på stillinga som dagleg leiar?
Eg må nesten starte med å seie at eg kjem frå Odda! (ikkje Otta, red.anm.) Eg er forfattar og har i tillegg jobba breitt i kulturfeltet, både som journalist, tidsskriftredaktør og forlagsredaktør. Eg var i fleire år informasjonssjef i Festspillene i Bergen, og etter det var eg festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda. Der var eg og initiativtakar og primus motor for ombygginga av det gamle garderobebygget på Smeltverkstomta, som i dag er litteraturhus og ein viktig litterær møtestad for folk i Odda, og under festivalen.
Eg liker meg også godt i bakgårdane der magiske ting ofte skjer.
Eg søkte på stillinga som daglig leiar på Cornerteateret, fordi dette framstod som eit slikt hus – og eit slikt prosjekt – som eg har eit bankande hjarte for. Det er eit stort potensial i hus og bygg med ein særeigen identitet og historie og betydning folk si kjensle av å høyre til. Ideen om at dette er eit hus for alle som ønskar å produsere og vise scenekunst, er ein idé eg brenn for. Eg liker meg og godt i bakgardane der magiske ting ofte skjer. Møhlenpris er ein slik bakgard i byen, kanskje den mest urbane staden å vere. På den måten at det er avslappa stemning her, det skjer mye nytt på kunstfronten, og folk kjem som dei er.
Kven er Cornerteateret for?
Cornerteateret er eit teaterhus for det frie profesjonelle og frivillige scenekunstfeltet. Dvs. dei som ikkje er fast tilknytta institusjonane. Og det er ikkje minst eit kreativt teaterhus for barn og unge. I dette huset møtast til dømes teaterskoleelevar, unge profesjonelle kompani og Helge Jordal i gangane. Huset er og arena for tunge institusjonar som både Festspillene, Borealis, Teatergarasjen og Bajazz. Samtidig har huset ei historie og ei plassering som forpliktar utover det å vere eit teaterhus.
Eg meiner huset bidrar til å utvide byrommet i Bergen. Eg har også eit håp om at det skal vere ein møteplass for kunstnarar på tvers av fag. Som forfattar er dette noko eg ofte har sakna sjølv i Bergen; ein naturleg plass å møte andre kunstnarar. Det er ikkje alltid andre forfattarar er dei største inspirasjonskjeldene for ein forfattar, til dømes. Det kan like gjere vere scenekunstnarar, musikarar, bildekusntarar. Eg har sterk tru på at slike møtestader skapar ny energi og nye samarbeid som er fruktbart for heile feltet.
Huset har sjølv gjort ein del eigen programmering det siste året, og mykje av dette har vore kryssprogrammering, i skjeringspunktet mellom til dømes musikk, litteratur, scenekunst. Dette er bevisst satsing frå vår side. Det er eit ønske om å åpne huset meir, vise det fram for fleire folk og bidra til at fleire også blir merksame på det som skjer på huset gjennom året.
Vi har også byens største og beste uteservering og ein fin bar, som er for alle og som mange setter stor pris på.
Vi har ikkje økonomi til å drive marknadsføring i stor stil, men vi kan arrangere fine ting her, som får nye publikumsgrupper til å komme. I neste omgang har dei ein lågare terskel for å oppsøke Cornerteateret og ny scenekunst igjen. Huset er berre litt eldre enn fire år, og stadig kjem folk bort til meg og seier at Jøss! her har eg aldri vore før! Og når dei først har hatt ei god oppleving her, er det sannsynleg at dei kjem tilbake. Vi har og byens største og beste uteservering og ein fin bar, som er for alle og som mange setter stor pris på.
Kva er din favoritting ved Cornerteateret?
Eg veit ikkje om eg har ein favoritting akkurat, men det er jo klart: Eg elskar dei to teatersalane, Søylesalen og Kongesalen, for det er her mykje av kunsten blir til, og det er her publikum og kunsten møtast.
Cornerteatertet og Cornermodellen er i nasjonal samanheng unik, og noko som alle andre byar misunner oss.
Det er fantastisk å sjå kor fleksibel Kongesalen er, og kor godt den fungerer til så mange forskjellige teaterproduksjonar, men og til folkemøte, storslagne og samtidig intime konsertar, stand up og show! Eg elskar og kvar og ein av dei 1000 kvadratmetrane som utgjer uteplassen og utserveringa vår. Skulle gjerne fått til endå meir aktivitet ute, for endå fleire folk.
Kvifor treng vi Cornerteateret i Bergen?
Bergen har eit rikt scenekunstmiljø og eit stort og dedikert scenekunstpublikum. Byen har eit fagleg miljø på universitetet med sterk tilknytting til insituasjonane. I denne aksen er det svært viktig med eit hus som bidreg til vekst i underskogen, som tilbyr gode vilkår for det dei frie profesjonelle kunstnarane og for barn og unge. Cornerteateret og Cornermodellen er i nasjonal samanheng unik, og noko som alle andre byar misunner oss. Mye av det som blir produsert og vist her, reiser seinare på turnear og blir vist på større scener for endå fleire folk. Dette viser kor viktig det er med ein god dynamikk og samarbeid mellom underskogen og institusjonane.
Kva type prosjekt vil du helst ha på huset?
Som daglig leiar skal eg, saman med dei andre som jobber her, først og fremst tilrettelegge for vekst i scenekunstfeltet, sørge for topp fasiliterte og inspirerande omgjevander, samt vere ein vesentlig arena for kulturlivet i Bergen. Svar på spørsmålet er at eg først og fremst håper på fleire nye produksjonar – og at vi kan fortsette å utvikle Fringefestivalen med utspring i huset, som eg meiner vil bringe svært viktige impulsar og ny energi inn i feltet i dei kommande åra.
Har du noko du vil seie til dei som ikkje har besøkt Cornerteateret enno?
Kva ventar de på? Sjekk til dømes ut Frontlonsjefestivalen til helga!