Kategorier
Fashion Kvardagsglimt Livsstil

How to: Min helt egen Hamlet-krone!

#teamfrontlosjenhamletkronefans

I desse dagar går det ein serie på Statskanalen som omhandlar eit av Shakespeares mest kjende stykke, og kva forhold skodespelarar, regissørar, bedrevitarar og andre har til det stykket. Vi ville henge oss på og fortelje kva vårt forhold til Hamlet er. Vi gjer det sjølvsagt ved å lage #fanart av Hamlet à la Maxim Gorki 2008-versjonen. Den fantastiske krona vi fekk av Hamlet sjølv på nemnte teater, som vi har krangla om kven som skal bruke –  så vi kunne like gjerne lage ei til. Det beste er at vi no skal vise deg korleis DU kan lage di heilt eigen Hamlet-krone òg – i illustrert utgåve!

Hamletkrone-22_

Dette treng du:

Papp og papir av ymse slag

Teip, type MacGyver

Saks

Hamletkrone-1_

Slik gjer du:

Teip saman dei valde papp- og papirbitane dine i ei storleik som passar rundt hovudet. Teip gjerne på avisutklipp eller andre godbitar du likar. Teip det saman til eit rør som passar på hovudet. Klipp taggar på den eine sida. Plasser på hovudet.

Supertips! Vi tok ein zixpackkartong som grunnmur og teipa resten av dei utvalde papira utanpå der, da var vi sikker på at det passa.

Saks

Hamletcollage4

Hamletkrone-12_Detaljarbeid!

Hamletkrone-13_

Hamletcollage3

Resultatet:

Ei krone som er både chic og praktisk, eit robust hovudplagg med personleg tøtsj. Passar like bra til nerdete temafestar, som bursdag eller ein heilt vanleg søndag.

Hamletkrone-14_

Hamletkrone-16_

Hamletcollage2Hamletkrone-19_

Hamletkrone-20_

Flaks for Ingrid at det er fødselsdagen hennar i dag, slik at ho får bruke krone!

– Ingrid og Ragnhild

PS! Om du lagar di eigen krone og legg ut på instagram eller andre media, bruk gjerne emneknaggen #teamfrontlosjenhamletkronefans