Midt på parkeringsplassen på USF Verftet har Tormod og Heidi bygd draumehuset sitt. Dei fleste som vil bygge einebolig i Bergen eller sentrumsnært, endar som regel opp på Os eller Sotra. Men sidan Tormod og Heidi har kalt huset sitt for eit «kunstprosjekt» under tittelen «A strange kind of love», kunne dei sette opp huset sitt på draumetomta: rett utan for Verftet. Og her har dei alt dei treng! Utsikt, kultur og badeplass. Til og med kunstnarar tenkar Location location location!
Huset er lite og funksjonabelt – post-funkis kan ein kalle det. Det er ein stor kontrast til dei kvite små arbeiderhusa ein ellers finn i Bergen. Det har fleire inngangar, eit stort vindauge som spegler utsikta og eit utkikkstårn. Det har ikkje noko husnummer, men det er ikkje til å ta feil av. For store delar av veggen er dekt med bokstavar som formar seg til orda «A strange kind of love». Om natta lysar dei opp til neonlys. Fint å sjå på for den som berre går forbi, kanskje litt meir plagsomt for naboen.
Det er ganske nøysomt innreda. Lyse, glatte flatar på veggene. Møblar som er integrert i arkitekturen. Smarte skuvedørsløysingar. Men og rom for leikne element som gull-skiljevegg og neonlys i taket. Det eine rommet har storslagen utsikt ut mot havet og i toppetasjen kan ein sjå og bli sett!
Huset er særs moderne, med mange teknologiske nyvinningar, surroundanlegg og heimekino med fem kanalar. Men det er nok ikkje noko passiv-hus. Eller? Og eigarane er nøye med overvåking. Her kan dei på innsida overvåke dei på utsida og dei på utsida overvåke dei på innsida.
Førre veke besøkte vi dei, for dei tar gjerne i mot besøk! Men ikkje så mange om gangen, berre ein og ein faktisk. Og ein guida tur tar omlag sju minutt, og huseigarane tar eit bilete av dei for å dokumentere det koselege besøket. Dessverre måtte Tormod og Heidi flytte etter at Okoberdans var slutt, men du kan kanskje besøke dei i Oslo i løpet av hausten?
– Ingrid
A strange kind of love:
Av Heidi Dalene – Bachelorstudent i scenografi, Akademi for scenekunst i Fredrikstad, og Tormod Carlsen – masterstudent regi, Kunshøgskolen i Oslo.
Visast utanfor Kunsthøgskolen i Oslo 10. – 13. november.