Kategorier
Kvardagsglimt

Maraton med Hennes Majestet

Ingrid er produsent for teaterkompaniet Hennes Majestet. Slik gikk det da den omreisande teatertruppen spelte i hovudstaden.

Ein av mine syslar for tida er å vere produsent for Teaterkompaniet Hennes Majestet. Innan eg starta som det hadde dei laga forestillinga «Du ser meg», og i april skulle forestillinga spelast i hovudstaden. Bli med på ein maraton-søndag på Deichmanske bibliotek!

07.00: Flybussen går. Dette er alt for tidleg å stå opp for kunstnarar som fungerer best om natta (eller som ikkje er vande med å stå opp så tidleg på ein søndag). Den omreisande teatertruppen er klare for å innta hovudstaden!

DSC03913

08.00: Dette er Marie. Ho er skodespelar i gruppa. Som de ser så går det ikkje an å sende den mest verdifulle scenografien laga av ein fremadstormande kunstnar i kofferten.

DSC03914

09.30: Vi har ankomme hovedstaden og har rendez vous med skodespelar nr. 2, Helena. Ho er så urban/hipster at ho bur i København og får til å bruke hatt med stil.

DSC03919

10.30: Ein rogalanding og to trøndarar orienterer seg i hovudstaden. Vi fant fram på eigenhand!

DSC03927

11.00: Men vent litt, Hennes Majestet har jo enda eit medlem. Og utan ho kjem vi oss ikkje inn. Vår dramatiker, og lokalkjend, Emma kjem til usetning og prøvar å låse oss inn i lokalet. Men først: kor mange teaterfolk trengs for å låse opp ei dør?

DSC03930

12.00: Vi bygger ei datamaskin fortare enn du kan seie Steve Jobs. Du treng: Fiskesnøre, gavepapir og papirfly.

DSC03932

13.00: Eg var utvald til tekniker for dagen. Denne jobben går på loddtrekning, sidan vi alle er så teknisk begava.

DSC03950

14.00: Er vi klare no?

DSC03937

15.00: Første gjennomgang av forestillinga. Legg merke til den fine kattegenseren til Marie.

DSC03943

16.00: De på prate høgare! Og ikkje så fort. Det er veldig varmt her. Kunne vi fått litt mindre strobelys? Når skal vi ta pause?

DSC03946

17.00: Forestilling nr. 1 pågår. Etterpå ser det sånn ut.

DSC03951

18.00: Mingling med publikum. Dei turte ikkje å seie anna enn at det var bra.

DSC03952

18.30:Gruppebilde. Vi er eigentleg 6 år heile gjengen.

DSC03969

19.00: Som ideologiske kunstnarar må vi innimellom ete udieologisk mat. Her er forresten assistentane våre og.

DSC03974

20.00: Forestilling pågår. Eg klarte å trykke på play til rett tid under begge forestillingane! Kanskje det var teknikker eg eigentleg skulle bli?

DSC03976

21.00: Rigge ned og pakke saman. Kven si var denne trusa att?

DSC03978

21.30: Helena lurar på kor mange omreisande skodespelarar det må til for å lukke kofferten hennar.

DSC03986

22.00: Ferdige! Skål! Med teaterviter-approvede bobler.

DSC03996

Hennes Majestet skal ut på nye eventyr seinare, men meir om det seinare.

-Ingrid