Det er ikkje alltid like lett å orientere seg i Bergen, sjølv om ein kan gå frå den eine enden av sentrum til den andre på ein knapp halvtime. Da vi flytta til byen, tok det fleire månadar før vi klarte å orientere oss andre stadar enn den blå steinen – om vi skulle ein plass måtte vi be folk møte oss ved den blå steinen for så å ta oss med dit vi skulle. Å orientere seg i bybiletet er litt som å ta samanhengar og referansar til ting i verda. Ta den berømte stolen Stressless til dømes, for enkelte er det berre eit namn på ein stol, for andre betyr namnet at ein stressar less når ein sitt eller ligg i han.
Nokre tar slike referansar med ein gong, eitt anna døme er restaurantkjeden Egon. Ein gong var eg der saman med far min. Eg stirrar på innredninga, ein murvegg som ser ut som er sprengt ut og inni er silhuetten av Olsenbanden – aha! Det er derfor det heitar Egon! Eller derfor det er ein bowlarhatt i logoen. Far min hadde tatt samanhengen for lenge sidan og ser berre dumt på meg. Eg er altså av typen som tenkar at stressless berre er eitt namn. Ja, de skjønar samanhengen no, med slike referansar til ting.
Slik er det med Henrik øl og vinstove òg, ein plass vi har oppsøkt sporadisk dei siste åra. Her om dagen var vi altså der saman med andre teaternerdar. For enkelte er kanskje samanhengen mellom namnet og bileta som heng i inngangspartiet ganske klar, men for oss (eller aller helst Ingrid, det er jo ho som er sein med å oppfatte slike referansar) skulle det ta fleire år før vi såg samanhengen mellom bileta og namnet. Og det er jo derfor det passa så godt å gå dit etter forelesing og ta eitt glas for å diskutere teatervitskaplege problemstillingar ein fredags ettermiddag.
– Ingrid