Advent er over oss, og Frontlosjen let seg sjølvklart inspirere – moteriktige som vi er.
I dag gir vi deg ein guide til korleis du kan oppnå den ultimate ambiens på førjulsframsyning.
Nøtteknekkaren er ein stanhaftig storsjarmør, sjølv om han manglar ein fot. Nei, vent. Det var tinnsoldaten. Vi prøver igjen:
Det er mange konvensjonar til Nøtteknekkaren sitt antrekk, og fyren byr sjeldan på overraskinagr frå sesong til sesong: dette er ein tidlaus stil. Kontrastar og primærfargar er eit viktig stikkord. Stilen er militant, men leiken. Ikkje ver redd for å ta i bruk statement-smykker, helst i gull. Og for all del, du må vere høg i hatten!

Slik får du stilen:
- Raud, militærinspirert jakke
- Breie gullarmbånd, gjerne i kombinasjon med skulderbling
- Høg hatt, helst i svart eller gull
- Ridestøvlar
- Blå bukse med høgt liv (her kan du velge gul som eit alternativ)
- Bart
Cotton shorts / Frye leather boots / Tiffany Co flower bracelet / Pre-Lit Cream Sisal Top Hat / BCBGMAXAZRIA Rhinestone Mustache
– Ingrid og Ragnhild