Eg elskar barneteater! Men eg elskar ikkje barneteater som ikkje er innovativt, klokt og underfundig, så medan vi ventar i 45 år til for at det skal komme kule versjonar av Torbjørn Egner, er det bra vi har slike festivalar som Mini Midi Maxi.
Med teaterforestillingar som ikkje treng å forholde seg til om bakebenken har den og den fargen eller om t-skjorta har så og så breie striper. Med forestillinger som får snille jenter til å forsvinne inn i veggen gjennom fantasifull animasjon. Med forestillinger som får oss til å undre oss over korleis ei seng kan bli til ein hund eller eit fly kan sette seg fast på månen og intergalaktiske møter utan fordommar oppstår.
Med forestillinger som tek oss med tilbake til historia, og sjølv om det nok ikkje var så mange vafler tilstades da slaget ved Stamford bridge gikk føre seg, så har i alle fall både barn og vaksne lært noko om Norges historie og når vi kjem heim kan vi trigge nyskjerrigheten ved å slå opp i historiebøkene.
Med forestillinger som speler store klassikarar på så enkelt vis at ein tenker at kvifor gjorde Shakespeare det så komplisert? Slik som Hamlet. Det er jo i grunnen ein ganske enkel historie. I alle fall klassikarane i barneteater-innpakking (eller sjå Løvenes Konge om du ikkje har tilgang på barneteaterversjonen). For plottet er eigentleg frykteleg banalt når det forklarast på ein banal måte med tre skodespelarar. Kongen er daud, bror til kongen er ny konge og Othello latar som han er gal. Mange døyr, og Ofelia må i kloster. Dessutan, kva har eigentleg Fortinbras med historia å gjere, bortsett frå at Fortinbras er eit fantastisk namn som vi burde (gjen)innføre i den norske namnestatistikken.
Og sjølv om eg ikkje er spesielt glad i ungar, så er det i grunnen veldig fint å sjå barneteater, for barn er ærlege. Derfor burde vi høflege vaksne publikumet sjå meir teater med masse barn i salen. Kanskje vi blir ærlegare publikum vi vaksne og. «Det er kjedelig. Eg kjeder meg. Det er fortsatt kjedelig. Oi, røykmaskin!»
Foto: Henri Kokko
-Ingrid