Festivalneglelakk! Det må ein ha, og det kan du skaffe deg i billettboden 24. og 31. mai. Men vi klarar ikkje vente så lenge, festspela er jo alt i gang.
Derfor lagar vi ein liten How to for dykk, kjære lesarar, så heile Bergen kan få framsyningsklare fingrar.
1. Base
Finn dei riktige fargane. Svart og kvitt er eit must, men ikkje la fantasien stoppe der! Viss du blar gjennom eit festspelprogram finn du mange friske fargar du kan leike deg med.
Start med å legge eit par lag basefarge. Det er ikkje så farleg om det kjem litt utanfor, det fjernar du lett i etterkant med riktig utsyr.
Tips: vent til neglelakken er tørr før du dekorerer!
2. Dekor
No er basefargen tørr og vi er klare for den artige delen av prosjektet.
Å lage negledesign med mønster er ganske enkelt, særleg når det er snakk om rette vinklar. Alt du treng er ein sjablong, og det laga vi lett med vanleg kontorteip. Klypp til teipen i det mønsteret du ønskar, og legg den oppå neglelakken. Du bør ha minst ein festspellogo-f.
Tips: Det er lurt å la den stikke ut litt ekstra i kantane – da er den lettare å fjerne etterpå!
Vi valgte å ta av sjablongen ganske kjapt, etter maskeringsteip-filosofien. Vi vil jo ikkje fjerne målinga med teipen.
Nei. Vent. Stooopp!
Dette går jo ikkje bra. Baselakken er seig, sjølv om vi har sett ein heil episode Game of Thrones medan vi venta. Og lakken blir jo med teipen av att, i alle fall hjå Ingrid. Fail. Ragnhild hadde på underlakk – kanskje det er trikset? Fint er det ikkje uansett.
Og kva skjer med at neglelakken legg seg i lange trådar over alt? ikkje kult.
Vi vil forresten gå attende på oppmodinga om mange friske fargar. det ser berre tækky ut.
Tips: Ikkje gjer dette heime.
Ja, ja. Flaks for oss at alt kler den smukke. Spørst om vi snakkes i billettboden laurdag likevel.
Festspellakken: best på avstand. Viss du mysar litt.
– Ingrid og Ragnhild