Det er (ikkje) ein mørk og stormfull aften. Det er på den tida av året at Bergensis inhabitus kjem fram frå si våte hule. Ei eim av solfaktor, syrin og våt asfalt. Den truande fare heng over oss på himmelen, den som lysar så sterkt når det viser “Festspillene i Bergen” i kalenderen.
Målet ligg på toppen av bakken, eit ruvande praktbygg frå 1909 som rommar spøkelser, internkonflikter og andre tragedier. Å komme seg opp på engen er enkelt, men det å komme seg innanfor, inn i mørkets sal gjer at ein verkeleg kjenner at apokalypsen er nær. For enkelte. Dette er ein dans med døden.
Illustrasjonsfoto: Apokalypsen er nær.Køkultur og folkevett er for lengst trengt ut av hjernebarken, og bytta ut med barbariske og primitive fakter for dei som ikkje har komme seg innafor. Berre ein tanke står att: BIII-LLEETT!
Innanfor er det varmt og trygt. Men det er forbeholdt dei smarte, heldige og nevrotiske som har unngått den frykta billettløysa. Salen er fyllt opp av teaterfiff som bestiller alle billettar på autopilot i februar, heldige inviterte, kulturkjerringar som fekk insidetips. Frontlosjen er blant dei heldige. Eller, streetsmarte, er vel meir korrekt. Vi lukta tidleg lunta og tok våre førehandsreglar lenge før panikken braut ut og rusta oss med den verdifulle kuren.
Stemninga innafor er sterkt prega av kaoset som har oppstått utanfor. Ei blanda kjensle av å vere eksklusiv og ha litt dårleg samvit. Skulle ein ha gitt sin plass til den desperate dama på sikkert 70, som hadde tatt turen heilt frå Indre Sogn for å oppleve litt bykultur? Nei, her let vi skjebnen rå, og Store Scene er arken som tek oss med over i eit opphøgd tilvære.
Illustrasjonsfoto: Eg trykker min billett tett til mitt bryst.Utanfor er det verre.
Men det går rykte om ein frelsar. Ein teaterets mor Theresa, som kan få til det utrulegaste og trolle fram vidunderkurar som ingen trudde det fantes. Kven klarar nå den utruleg frelsaren frå broderlandet før framsyning? Og kor lenge held det hellige billettboden før zombiemassane bryt barrierene og strøymer inn i håp om ein kur?
Brått er alt over, toget har gått. Innhulte sjelar kryp attende til sine mørke avkrokar.
Men nokre få heldige står att, med ein hardt tilkjempa papirbit i handa. Frelsaren såg dei og bønhøyrde dei. Apokalypsen må vente, til sen.
– Ragnhild og Ingrid
DØDSDANSEN: Festspillene i Bergen 2016
Regi, tekstbearbeiding, scenografi – Stefan Larsson, kostymer – Kajsa Larsson, sminke – Helena Fälldin Wiberg, lysdesign – Jens Sethzman, teknisk koordinator og scenesjef – Mártin Bejting, produsent – Agneta Villman, aktørar – Mikael Persbrandt, Lena Endre, Thomas Hanzon medvirkende
Spelt på DNS/Store scene 28.-30. mai 2016