Hallo aus Berlin. Eg har vår og frukost på terassen. Eller akkurat i dag var det litt for kjølig for det. På andre sida av bakgården speler sjølvsagt ein nabo teckno, eller trance, eller euro-disco eller kall det kva du vil litt for høgt. Akkurat som forventa altså. På ettermiddagen speler kidza pingpong.
Dei første dagane har vore rolige og eg har sjekka ut kva teaterforestillinger det er verdt å få med seg på ein månad. Eg fann ei fyrstikkeske frå Shaubühne, det blir forhåpentlegvis ein tur dit, for der har eg jo tidlegare hatt gode opplevingar.
Det må jo òg vere tid til å dekke andre interesser enn berre dei teatrale medan eg er her, så eg har sjølvsagt funne ut kva bruktbutikkar eg skal sjekke ut. Det har allereie blitt utført i praksis. For å sjå ekstra tysk ut og gli inn i omgivnadane kjøpte eg ein lyseblå dirndl-kjole med kilospris til 19.90 €, mest sannsynleg heimesydd. Med tilhørande lommetørkle i lomma. Det gikk i søpla og kjolen gikk i vaskemaskina.
Sidan det berre bur folk i denne leiligheta ein månad om gongen, var den litt for fargelaus for min smak, så eg fann ein juleraud duk og la på bordet og putene i sofaen fekk lilla trekk. No er det reine desemberstemningen her.
Eg har òg sjekka ut nabolaget. Her ligg eit kjøpesenter som har einsame parfymeflaskar i vindauget og som sel vesker eg aldri kjem til å få råd til i dette livet.
Men heldig vis ligg Ragnhild sin tyske favorittbutikk like ved.
DM er litt som Vita, helsekost og vaskeavdelinga på coopen i ein og same butikk. Og dei har veldig mange ting med kokoslukt der. Flaks for meg at kokos er mi favorittlukt. Sidan eg har badekar for første gong sidan eg var 12 år, kjøpte eg skumbad med kokoslukt. Det testa eg ut da eg kom heim. Og opplevinga kjendes ikkje så trist ut som på biletet altså.
I morgon skal eg på Maxim Gorki for å sjå Der Kirchgarten. Startar med noko trygt eg kjenner frå før. På søndag skal eg mest sannsynleg sjå ei forestilling om eurokrisa. Eg skal sitte der og vere norsk og fryde meg. Kanskje. Eg lovar det kjem meir teaterrelaterte sakar frå Berlin og ikkje berre bileter av meg i tyske, tøsete kjolar eller i badekaret.
– Ingrid
2 svar til “Dickes B”
Kva har SAS betalt deg for produktplasseringa på det nederste biletet?
Skumbadet frå DM