Danningsreise til Berlin. Ei biletedagbok

Når Frontlosjen er på (dannings)reise, er det ti ting vi likar å gjere: 1: Gå på teater 2: Gå på kafé 3: Gå på teater 4: Gå på kafé 5: Gå på teater 6: Gå på kafé 7: Gå på teater 8: Gå på kafé 9: Gå på teater 10: Gå på kafé. I den rekkefølgen. Så det var det vi gjorde ei veke i Berlin saman. Her følger ei biletedagbok:

DSC00527

På dagen på kafé. På kvelden på teater. Vi har tydelegvis blitt vaksne. Klarte ikkje å eite opp ein brownie på deling ein gong. Kven skulle trudd det for nokre år sidan.

DSC00530

DSC00534

DSC00541

Dette kan sjå ut som er på kafé, men det er i baren på Deutsches Theater, medan vi ventar på å sjå Schutt.

DSC00546

DSC00551

DSC00556

DSC00558

Etterpå tok vi bileter av oss sjølve i spegelen (på do). Som dei gode rosabloggarane vi trass alt er. Alle burde ha benk på do. Spesielt kafear med store browniestykke har noko å lære av DT her.

DSC00581

DSC00587

Også på kafé igjen. Denne gongen utandørs. Her fiksa vi på leppestiften og testa den tyske klassikaren radler. Det gav kjensla av å vere 16.

DSC00605

På Hebbel am Ufer var det ikkje særleg mange speglar å ta bilete av seg sjølv i (joda, men det var så mange folk at vi vart flaue, red.anm.), så vi slo til med ein selfie utanfor i staden.

DSC00701

DSC00704

DSC00708

I Friedrichhain fann vi ein kaffe som var akkurat passe vintage innreia. Vi hadde lært av feila våre og delte ei gulerotkake denne gongen. Den klarte vi å ete opp.

DSC00717

DSC00721

DSC00711

På Schaubühne møtte vi opp tidleg, slik at vi kunne drikke vin i Arntzenmengde først. Ingrid gleda seg ekstra over at dei brukar titlar i Tyskland.

DSC00738

Enda meir kvalmande kake. Når skal vi lære? Aldri! Legg merke til urban blogging på nettbrett.

DSC00743

DSC00748

Da vi skulle sjå Shakespearesonetten på Berliner Ensemble, hadde vi gleda oss til ein fotoshoot med Brecht først. Han var dessverre utanfor rekkevidde. Men vi klarte heldigvis å ta ein selfie saman med den snurrande logoen på taket.

DSC00750

DSC00757

DSC00763

DSC00761

Inne på teatret fann vi Brecht sitt Turmsimmer. Dei veiga litt opp for at vi ikkje kunne posere saman med han i [insert gjeldande statuemateriale here]. Også fann vi Helene Weigel sitt directions Simmer. Det hadde fin sofa.

DSC00782

DSC00767

Vi avslutta det heile med ein selfie i eit av Berliner Ensembles fine speglar. Enden på Berlinreisa. Siste verset av låta. Siste biten av kaka.  Wir sehen uns bald! Tschüss.

– Ingrid und Ragnhild