Kategorier
Festival Kvardagsglimt

Dag to i Fjaler

FJALER: Dag to bar preg av Klissblaute strømpebukser og straumbrot. Og teater sjølvsagt. Og skog.

Vi hadde heldigvis førebudd oss på at Dale i Sunnfjord er ein blaut plass. Vi er jo nordmenn, og det går ikkje an å ikkje la seg påvirke eller snakke om veret, uansett kor mykje ein prøvar å late som ein ikkje bryr seg. Heldigvis er folk på bygda vant med å køyre bil og tar det som ein sjølvfølge at dei kan skysse oss heilt til døra når dei først har satt seg i bilen. Det er vi utroleg taknemlege for, viss ikkje måtte vi nok hatt med dobbelt sett med regntøy.

Dag to starta med like fantastisk frukost som dag ein, så det gadd vi ikkje dokumentere. Derimot var vi invitert på symposium om skogen i stova til sjølvaste Skogkongen i Dale: Barthold Vonen.

DSC02904

DSC02906

DSC02907

DSC02914

DSC02917

Etter å ha høyrd på sjarmerande gamle menn som snakka om korleis dei planta skog på 17. mai 1942 som fortsatt veks seg stor og sterk, tenkte vi å vere effektive bloggarar ei stund. Men så: Strømbrot!

DSC02924

Vi måtte nesten gi opp blogginga for ei stund og heller ta litt frontlosje-opplæring med praktikanten vår, Tina. Sjølv om ho fekk med seg ein festivaloverlevelsesutstyrspakke, ser ho ikkje heilt ut som eit autentisk frontlosje-medlem enno. Kor er kjolen, Tina?! Heldigvis visste dei råd i festivalkafeen, slik at vi kunne kle ho opp.

DSC02928

Etter å ha teke litt ansvar for ytre faktorar, var det på tide å gjere det vi eigentleg var i Dale for: Gå på teater. Korleis første framsyning på fredag var, kan de lese om her.

Så skulle vi på KAZAK da. Enklare sagt enn gjort. For straumen hadde jo gått igjen. Høg torden-faktor i Dale altså. Vi prøvde å sjå i hjel tida på rosabloggevis. Selfie-time! Ragnhild hadde jo fått seg eit nytt smykke i gåve som ho ville vise fram.

DSC02959

Medan-vi-ventar-på-straumen-selfie: Terningkast 4. Ansiktsuttrykka er greie nok i seg sjølv, men dei samsvarar ikkje heilt med kvarandre. Heldigvis visste lokafolket betre råd medan vi måtte vente, og Jan Haugen visar seg å kunne fleire ting enn å hogge i trestammer. Slik underhaldning hadde vi aldri fått i byn!

DSC02962

Heldigvis kom straumen att igjen, og vi kunne sjå KAZAK. Den har jo Ragnhild sett tidlegare, så den kan de lese om her. Det Ingrid har til felles med den framsyninga er at ho og har ein revepels ho kan bruke som lue.

DSC02975

Teaterkvelden var ikkje slutt med det. Inne i skogen, bak ein gjørmete sti, fant vi Signe Becker og Eirik Fauske i gang med Skogsarbeid. Ei lita visning om korleis skogbotnen ein gong har vore havbotn og kvite segl.

DSC02977

Kvelden vart avslutta med mottaking i Nordisk kunstnarsenter. Igjen beviser Teaterfestivalen i Fjaler kor trivelig den er, med rundt 250 frivillige er det både plass til pyntenemnd og matnemnd når det skal vere arrangement. Og her er det ingen som ikkje tek jobben sin seriøst! Kaker forma som elg, norsk fingermat med saueribbe og tyttebær og morrpølse. Og heimelaga øl! Rundt om mingla skogens konge og mikkel Rev. Og Hermia i Ein midtsommernattsdrøm som Ingrid gjetta på (noko som skulle vise seg å vere rett, sidan kostyma var lånt ut av eit lokalt ungdomslag som satte opp nettopp Ein midtsommarnatts drøm på nittitalet ein gong). Med underhaldning av fylkesmusikar og ein smakebit av Wergelands kjærleiksliv frå Barthold Halle (nevøen til nevnte Barthold Vonen) og kona. Ei fantastisk avslutning på Teaterfestivalen i Fjaler for vår del – no får Tina ansvar åleine dei siste dagane. Igjen var alle einige om at det hadde vore ein fin tur!

DSC02983

DSC02987

DSC02986

DSC02993

DSC02989

DSC02996

 

– Ingrid og Ragnhild