Kategorier
Kvardagsglimt Meiningar

Årsmelding

Vi oppsummerer teateråret 2012

Løkk med nyåre’!

Frontlosjen oppsummerar teaterfjoråret kort og brutalt

Årets opptur: To stk innleverte masteroppgåver i teatervitskap. Altså ein på kvar. No kan vi kalle oss teatervitarar på ordentleg. Agnete beware!

Årets nedtur: Happy Gorilla Dance Company i Storelogen. Dette skreiv vi om i same høvet, og vi treng vel ikkje gjenta alt for mange gongar at vi synast dette var noko ræl.

Årets sjampis: Nannyen til Steve Cohen. Den søte gamle dama som gikk i si eiga verd vart vi nesten målbunde av. Det skal ein god del til for å målbinde oss, saman. Steve tok med kinderegg til ho fordi ho ikkje likte seg i oktoberkulda.

Årets kaktus: Berlintur og masterinnlevering på same tid. Vi ville jo vere med! Ingen ting er som dekorasjonane på Hotel Stuttgarter Eck, sovne til forestillingar fordi ein ikkje heilt forstår tysk og drikke berlinerkindl til ut i dei seine nattetimar med vår kjære professor.

Årets overrasking: Ragnhild sin opptreden under NOW NOW NOW (Luke George), Oktoberdans. Dette overraska vel oss like mykje som alle andre. Ragnhild er visst eitt skodespelartalent, skal ein tru andre publikumarar som trudde dette var planlagt.

Årets ambiente: Happy Gorilla Power nap shop. Sidan forestillinga deira i vår var ein nedtur, fekk vi ein særs positiv oppleving med å ta ein hønseblund under oktoberdans.

Årets kleineste: Heklafitta til The Grand Opening (Society for the Promotion of Human Rites ), BIT

Årets moteinnslag: Nationalbibliotekets plastposar tek Bergen med storm

Årets matoppleving: Når ein blir servert noko å bite ti eller drikke på under framsyningar blir vi alltid glade. Vi klarar ikkje heilt å bestemme oss om det var dei kasakstanske vodkashots vi fekk av Rimini Protokoll eller om det var makronane av Nora som var best. Utanom scena sett vi veldig pris på at BIT har skjønt at mat må folket ha, og serverer supe ved kvar gode anledning.

Årets komedie: Midtsommernattsdrøm (regi.: Peer Perez Øian), DNS

Årets Tragedie: Nora (TGStan), BIT

Årets nykommar: Oss

– Ragnhild og Ingrid

1 svar til “Årsmelding”

Det er stengt for kommentarer.