Kategorier
Kvardagsglimt

2015: We did it!

2015 er over og korleis gikk det eigentleg med nyttårsforsetta våre?

De hugsar kanskje fjoråret – 2015? Da vi hadde gått hardt ut til verks og faktisk hadde nyttårsforsett. Ragnhild skulle sjå minst 65 forestillinger og Ingrid skulle sjå alt på DNS (utanom eingangsforestillinger).

Did we do it? *trommevirvel*

Ragnhild: Enkel matte. Til trass for tilbakefall under festspillene, gjorde Teaterfestivalen i Fjaler og METEOR susen! Dette var enkelt og eg endte på 76 framsyningar totalt. I DID IT! (men det skjer ikkje om att på ei stund)75forestillinger

 

Ingrid: Dette er ikkje så enkel matte. Men eg såg alt av det ordinære programmet + ganske mange eingangsforestillinger. Over Engen-konseptet er ein favoritt eg håpar å få sjå meir av dette året og! Festspill-forestillingane rekna eg ikkje som gjestespel (sjølv om eg såg fire av fem FiB-forestillinger på DNS), så ut i frå mine kunnskapar var det to ordinære gjesteforestillingar: Ein ganske kjedelig operaversjon av Anne Franks dagbok og ein ganske kul teiknspråkversjon av Den stundesløse. Den første såg eg og ikkje den andre (men har gyldig fravær, sidan eg var på jobb under begge visningane av den forestillinga). I DID IT!! 

DNSalle

Dette er jo litt kjedelig, ikkje får vi sett Ragnhild kle seg ut som mann, og ikkje får vi invitert Agnete Haaland på piknik. Trøsta får vere at Agnete lovte oss dette:

Skjermbilde 2016-01-08 kl. 11.58.20

Kva skal vi gjere i år? Stay tuned for årets nyttårsforsett. Vi kan hinte om at det inneheld utflukter.

– Ingrid og Ragnhild

Legg igjen en kommentar