Det er travelt å vere på Oktoberdans – sjølv om ein berre får med seg ein brøkdel av det ein gjerne vil. Men imellom dansande bestemødre og matvarar, fekk vi da pressa inn ein artistsamtale.
Tysdag 23. oktober hadde vi æra av å ha Mette Edvardsen og Tale Dolven ti bords. Desse taleføre artistane gav oss eit djupt inntrykk i fascinasjon for skjørtedans og brennande bøker, og vi fekk til og med lurt inn litt eksistensielt snakk.
Begge gjestane er nordmenn busette i Brüssel, og det måtte vi sjølvklart nemne. Dermed kom vi inn på kor flott det er å turnere i Belgia – med tanke på at det berre er 20 minutt å reise til neste by. Kan vi få ei slik ordning under Oktoberdans til neste år? Vi kunne gjerne tenkt oss at Trondheim låg litt nærmare Bergen, nemleg.
Sjokomjølkrapport: Labert. Mette likar ikkje mjølk, og Tale drikk kun sjokomjølk ved spesielle høve. Men kinderegg ville dei ha! Tale fekk ein skummel selunge, og Mette eit ubrukeleg spel som kunne ha vore med i Donald.
Vi ønskjer å rette ein spesiell takk til eit lydhørt publikum med pennen i handa.
Ikkje gå glipp av siste geometriske møte: Laurdag 27. oktober kl 11.00, på Chagall i Vaskerelven. Da skal vi prate med Heine Avdal, Alan Øyen og Luke George. Heng på!
– Ingrid og Ragnhild