Rapport frå Trekant 20. oktober, Chagall
Deltakarar:
Miguel Gutierrez/Felix Ott/Dora Budor & Maja Cule
Vi hadde pynta med rosa blome og bydde gjestane på sjokomelk. Felix tok med seg kaninen sin på kunstnarsamtale, noko som vart ein stor suksess. Samtlege deltakarar fekk kaninlort på seg før samtala var over.
Dette kom fram under samtala:
Vi snakka litt om kven dei ønskar å nå ut til med kunstnen sin. Miguel meinte det er ikkje publikum han lagar framsyningar til, men mest seg sjølv. Ei god framsyning krever at artisten trur på det han held på med, at ein lagar framsyninga for seg sjølv. Men om det er nokon han vil nå ut til, så er det kjekke unge menn.
Vi snakka om kostymer. Det vart einighet om at det børe vere ”Less training pants and more costumes!”. Så gjekk samtalen over til Maja og Dora sin bruk av lokale streetfighters i si performance. Vi lærte at streetfighters elsker å posere og er fødte modellar. Det blir spanande å sjå under framsyninga deira på tirsdag.
Vi spurte dei om dei likar Bergen. Felix likar Bergen og planla å miste flyet sitt. Bergen har perfekt storleik, Berlin er så stor at ting tek så lang tid. Dünnes B er er betre enn Dickes B. Miguel er einig, folk i Bergen og i Norden generelt er avslappa og upretensiøse. Litt som i Australia. Men f**k Australia. Og det var ein fin konklusjon.
Sjokomjølkstatistikk:
Felix: Forsynte seg sjølv i ekte tysk stil (han åt òg fleire kinderegg, naturleg vis). Tok i bruk drinkmiksaren heilt uoppfordra!
Dora og Maja: Forsynte seg fyrst etter pause, og ba om the-not-so-fat-milk.
Miguel: Beskjeden i starten, men måtte til slutt gje etter for sjokoladesuget. Tok ein sofistikert variant og nytta seg av den vesle vispen.
Neste møte kan du få med deg tysdag 23. oktober kl 11.00
– Ragnhild og Ingrid