Kategorier
Hendingar

TAKE ON US! (Dette er oppvarming)

Eit CD-slepp som oppvarming til Bastard-festsivalen.

Eg har vore på noko så gamaldags som eit CD-slipp.

Take on us! Pyongyang Gold stars PLAY Great Popular Hits VOL.1

(Det kan faktisk vere at du har høyrd dei tidlegare) Eller, det var ikkje berre CD-slipp, men utstillingsopning òg. På Trøndelag senter for samtidskunst. Da har ein altså ein god grunn til å servere sprudlevatn med det same.

IMG_0430– Folkeleg stemning utanfor Trøndelag senter for samtidskunst

Under Bastard Bastard skal Morten Traavik presentere Work in progress! (Tittelen høyrast kanskje ut som latskap, men den har med ropeteikn, så da blir det ein statement i følge kunstnaren sjølv). Dette er ei forestilling med Nord-Koreanske superkids frå Gullstjernen musikkskule i Pyongyang og Norske alternativkids frå Steinerskulen i Trondheim.

På dagtid kan ein sjå utstilling med musikkvideo «The Sun Always Shines on TV» og dokumentaren «Yes We Love This Country!», og på kveldstid mandag og tirsdag neste veke sjå Work in progress!. Utstillinga er open fram til 15. september.

http___makeagif.com__media_9-06-2013_sR2FDYDSC_0087– Norsk bjørkeskog møtar Nord-Koreansk plastikkskog.

IMG_0472– Norsk smykkemote møtar nord-koreansk fløyelsmote.

Attende til CD-slippet:  Det var berre det at CD-ane fortsatt var hjå posten ein eller annan plass. Derfor måtte aktørane sjølv opptre. Vi vart presentert for Nord-Koreansk popmusikk. Ein sjanger eg på norsk likar å kalle #dansbandfolkepopsmilefjes (viktig med hæsjtæg).CD-en kan du fåt tak i på Trøndelag senter for samtidskunst (den skal visst ha komme fram no) (note to self: når eg lagar eit senter for samtidskunst, hugs å gi det eit litt enklare namn. Ibsens ripsbærbusker og andre buksevekster lizzm) eller du kan vere høgteknologisk å laste den ned hjå Mr. Traaviks infokanal.

DSC_0091Og til slutt: Du kan jo faktisk sjå musikkvideoen på internettet. Dette er popaganda, ikkje propaganda!

– Ingrid

1 svar til “TAKE ON US! (Dette er oppvarming)”

Det er stengt for kommentarer.