Kategorier
Festival Hendingar

Spøkelsestog, hangman og KRF-vafler

BASTARD: Oppsummering av Bastard 2013

Eg skulle gjerne skrive ei oppsumering av årets Bastard-festival som har funne stad på Avant Garden denne veka, men eg er opptatt med å gjere andre ting (other stuff), eller noko som kan ende i ein total fiasko. Så de skal få i oppdrag å gjere det for meg. Dette kan gjerast på fire måtar.

Alternativ 1

Dette er todelt. Du kan gjere begge delar, eller berre velge ein av dei.

1 a) Spele internasjonale superhits med synthersizer og elektronisk trommesett ikledd paljettskjorte. Uansett om det er klassisk eller popmusikk, må du syte for at alle sangane kjem under sjangeren #dansbandfolkepopsmilefjes. Hugs å smile litt falskt heile tida, uansett.

1 b) Halde ein appel for eit norsk politisk parti med barnleg innlevelse. Du kan til dømes steike vafler (hugs å ha i egga på slutten), balansere ein ballong på nasen eller sjunge ein sang om miljøet akkompagnert av ukulele.

Alternativ 2

Gå saman med to andre og rull over golvet i klynge, rull gjerne oppå kvarandre. Dette gjentakast 10-12 gongar. Deretter skal de kalle kvarandre «a fuckings fuck face fuck» og seie ting som «Go fuck yourself in your fuckings fuck face you ugly fucking fuck»

Alternativ 3

Du skal ete ditt siste måltid. Kva ville du ete som siste måltid? Du kan til dømes velge popcorn, berlinerboller eller mor sine kjøttkaker, eller noko heilt anna.

Alternativ 4

Her skal du gjere alt du kan for å få applaus. Syng ein aukustisk sang om kva ein kunstnar skal gjere og kva han ikkje skal gjere. Om du følar for det kan du godt inkludere kroppsvæsker av ulikt slag, men dette er sjølvsagt valfritt.

IMG_0492IMG_0494
IMG_0502IMG_0504IMG_0508IMG_0510– Ingrid