Kategorier
Hendingar Topp 5

Nummer 6

Ragnhild har sett «Exit Kick Off» på Cornerteateret

Når Ingrid har laga eit bra innlegg, kjenner eg liksom at eg vil bygge på det for å stjele litt av rampeljoset. Derfor:

Topp 5: Tarantella

6. Kanye West – I am a God

Nora klarer alt. Ho har indre ro, er effektiv, ser bra ut, tenker på andre og tillet seg å vere egoist. Kjenn inspirasjonen! – Åffår gör du det på detta viset, Torvald? Her er det ikkje rom for deg – berre NORA NORA NORA!

Regi og konsept er det Lisa Nøttseter som har stått for, ho finn du òg i rolla som Nora Helmer. For kloke hovud som meistrar kvardagen med leppestiften på plass, er det vel alt klart at eg snakkar om Exit Kick Off, som hadde si premiere på Cornerteateret tidlegare i kveld. Ryktet seier at det blir ny framsyning i Stavanger.

Foto: Stine Knash, lånt frå facebook.
Foto: Stine Knash, lånt frå facebook.

På slutten av framsyninga fekk eg servert ei EXIT-pille, og dermed snarvegen til eit effektivt og lukkeleg liv. Den perfekte reiskapen for ein rosabloggar!IMAG2298Snapshot_20131027_1

– Ragnhild