Eg kan ikkje vere dårlegare enn Ingrid, og har jo vore på hurra-meg-rundt-tur i Tigerstaden.
Vi er alt for sjeldan på teaterutflukt, så no fleska eg til med heile to framsyningar under Ibsenfestivalen.
En folkefiende i Oslo
Det var litt artig å sjå. 100 osloborgarar som utfordra statistikken: ein Rimini-klassikar. Men denne gongen var det gjort ein vri der spørsmåla i stor grad kretsa rundt ibsenklasiskaren. Kven på scenen kjenner seg som Dr. Stockman? Det vart mykje snakk om folkefiendar og ytring, som tidvis vart veldig interessant.
Men ramma vart ikkje riktig stram nok, med ein del slappe spørsmål og flau propaganda for både Noah og Høgre. Slik skal det ikkje vere. Og vi vil jo ha god underhalding, og sett pris på litt manipulering og opptramming av det dokumentariske stoffet. Trur kanskje 100%-konseptet har vorte brukt opp no, framsyningane er jo så masseproduserte at dei faktiske Rimini-regissørane nesten ikkje har vore til stades i prosessen.
Når det er sagt var det framleis mange sjarmerande karakterar på scena, og artig å sjå norske ekspertar på eiget liv.

Jeg forsvinner
Så var det meg og tomme svarte rom, da. Utan kaffi i magen. Arne Lygre har laga ein god og musikalsk tekst. Og den blir framført av fyktige aktørar, slik at eg stadig heng med trass i at lite skjer i sjølve scenerommet. Delar av monolog og samtale er tydeleg oppdikting, noko som gjer at ein trekk i tvil kor mykje av sceneteksten som faktisk er «sann». Det statiske forteljande uttrykket gjer at eg assosierer til alle moglege ulike krisesituasjonar – utan at eg får bekrefta kven av dei det er. Det får ein til å tenkje – ville eg ha klart å halde saman med mine nærmaste i ein krisesituasjon? Korleis ville eg takla å bli avskoren frå alle kjende i ein fluktsituasjon?
Like fullt vart eg litt trøytt, det blir eg støtt av slike former. Men det var artig å sjå ei framsyning i Malersalen, der har eg ikkje vore før. Alle vindauge var opne da vi kom inn i salen, med Oslos gater i bagrunnen – ein kilsje eg verkeleg sette pris på.

Synd eg ikkje får sett meir av Ibsenfestivalen – det hadde vore spesielt artig å få sett Nora oder ein Puppenheim, men Herbert Fritsch får eg vel sett sidan. Og Bergen er jo kjekt, det òg – no som sesongen startar att.
– Ragnhild