Kategorier
Hendingar Livsstil

Cheerleader-effekten

Ingrid har vore på konsert med eit mannskor.

På laurdag vart eg invitert på konsert med studentmannskoret i Trondheim; Pirum. Vi har jo tidlegare uttrykt vår kjærleik for mannskor, så denne invitasjonen kunne eg ikkje takke nei til.

Konserten var på byscenen. Der hadde eg ikkje vore før, så syster mi viste vei.

Eg likar helst å sitte på første rad, men det var det fleire som hadde fått med seg. Så eg og følget mitt havna litt lenger bak i salen enn vi ønska. I andre teater-samanhengar pleier det ikkje å vere så kamp om plassane. Men eg kan jo skjønne det, for viss ein blir like betatt av Pirum som Arme riddere, har ein verkeleg ein grunn til å sitte på framste rad, moglegheiten for at ein av songarane skal henvende seg til deg på bedårande vis var jo ganske stor tenkte eg. Men eg må seie eg vart litt skuffa over akkurat det elementet. Kor var all flørtinga med jentene? Einaste fordelen dei på første rad hadde var at dei fekk spandert champagne, og ikkje forstå meg feil, eg likar jo all underhaldning kor ein får mat eller drikke.

Eg og syster mi gleda oss på konsert. Sånn såg vi ut medan vi venta på å få gå inn dørene.

Konserten bestod av mange fine sanger som dei hadde skrive tekst til sjølv, men på gamle låtar. Det minna litt om ei revyforestilling. Eg likte godt sangen «fjorten», på melodien til «poison» av Alice Cooper. Den handla om korleis det er å vere kåt fjortenåring (eller student). Her vart vi i god samtidskunst-and eksponert for hud og damepupp.

Det var òg ein sang om rikfolka på montebello. Da hadde alle gutane kledd seg slik dei gjer der. Dei fleste i slåbrok og genseren over skuldrene, men den beste hadde fullproft sykkelantrekk og hjelm; det er jo den nye rikingtrenden å vere med på birken.

Champagnetårn, synd å gå glipp av det.

Men den sangen eg likte aller best var definitivt «Laila i fra Leksvik». For det første var den på melodien til «fångad av en stormvind». Ikkje minst fordi den handla om Leksvika. Eg kjenner ei dame frå Leksvika, ho likar å grille geitekjøtt og drikke heimelaga blåbærlikør.

Sidan Pirum er ein del av gjengane på Samfundet, var det naturleg nok ein god del intern humor og harselering. Eg tok nok ikkje alle referansane og gikk sånn sett glipp av noko av humoren. Men sidan det minte litt om revy, så er jo det lov, eg skal jo ikkje skjøne alt sidan eg kjem utanfrå. Men eg skjønte såpass at Under Dusken og Pirum er gode vener.

Her syng dei ein satirisk sang over kva det vil seie å vere norsk. Det skjønte de vel.

Det er noko med slike mannskor som det er umogleg å ikkje la seg sjarmere av. Det er ikkje det at dei er så heite åleine, men når dei har like antrekk og syng så vakkert blir dei som gruppe mykje heitare. Det er dette som på fagspråket kallast cheerleader-effekten. Eg har trua på cheerleader-effekten.

Her er eg på veg heim og poserer foran huset Pirum til vanleg bur i.

Sjølv om eg likte sangane godt og aksepterte at det var litt meir intern humor enn det eg kunne forstå, trakk nok mangelen på flørting med oss kvinnelege publikumarar litt ned. Når det kjem til flørting leiar nok Arme riddere 1-0 over Pirum. Til trass for at ein av første-tenorane visstnok skal vere veldig god på å trampe takten.

– Ingrid