Kategorier
Hendingar

Bodyguards and mirror mirror

Ingrid testar ut selfepotensialet på Trøndelag Teater

Forord: For å få mest mogleg ambient lesaroppleving, anbefalar eg å lese dette medan du lyttar på denne sangen.

DSC_0414No har eg budd i trønderhovudstaden sidan i fjor sommer, og eg må meddele noko som er litt flaut. Eg har ikkje satt mine bein innanfor institusjonsteatret i byen ein einaste gong. I frykt for at blogglesarar og hysteriske losje-fans skulle kaste seg over meg, har eg haldt meg unna. Heilt fram til laurdag, da var eg invitert med på konsert, og hadde endeleg skaffa meg politibeskyttelse.

DSC_0415Sjølv med politibeskyttelse er det viktig å vere god rosablogger og ta bilete av seg sjølv i speilet. Her er eg og to av vaktene i eitt særdeles heldig lys. Sånn apropos speil. På Trøndelag teater er det mange speil. Eg måtte sjølvsagt prøve ut alle saman, og våga meg ut på ein fotograferingsrunde utan konstablane. Her er ein kjapp vurdering av speglane på teatret.

DSC_0417Heilfigur på toalettet trekk opp, kunstlig lys trekk litt ned. Heilt ok resultat.

DSC_0419Meir heilfigur i foajeen, pluss for naturleg lys frå dei gigantiske vindauga.

DSC_0423Nesten heilfigur frå garderoben. Godt lys til at det var inne i ein krok. Min favoritt. Sjå opp for fleire bileter herfrå ved seinare høver.

Men ja, attende til det dette eigentleg handlar om. Konserten. Us Not Them, ein tributekonsert til Pink Floyd, var opphavleg ein intern greie på teatret. Dette vart vistnok så bra at dei måtte dele det med resten av verda.

Det eg likte best var at her fekk dei som ellers skjular seg i kulissane sjansen til å vise seg fram. I alle fall ein rekvisitør, usikker på kva profesjonen til resten var, men dei kunne i alle fall lurt meg med å seie at dei er musikarar på heiltid. For dette var bra musikk, og eg kjenner i grunnen berre til brikken i veggen og har eit nesten eit ikkjeeksisterande forhold til dei rosa floydane.

DSC_0427Meg og min personlege bodyguard inne i teatersalen. Også slenger eg ved eitt bilete frå konserten berre for skams skuld. bilde(10)Konserten speler i kveld òg på den flotte gamlescena, men eg har på kjensla at du må vere kjapt ute om du vil ha billettar.

– Ingrid.