Kategorier
Hendingar

10-årsjubileum med sup og sup

NONcompany feirer 10 år! Hurra!

Våre faste lesarar har vel alt fått det med seg: eg likar å få supe på teater.
Og jammen har eg fått det riktig så ofte i det siste.Denne gongen var det i samband med NONcompanys intermesso på Studio Bergen.

KAZAK: Intermesso. Effekt: «Vanleg».

Fyrst fekk vi ei framsyningsshow av gebursdagsbornet sjølv. Denne gongen hadde dei bygd eit skogslandsakp av konglar og isoportre, der dei masjerte og leika med valdlege kongledyr. I bakgrunnen marsjerte ei med stortromme på magen – taktfast i ekte drillpikestil (tåa nedi fyrst, inn med rumpa og fram med puppane!).

Sjølv om det var ein kort seanse vi fekk servert, fekk eg att stemninga frå  Kazak: ekspedisjonen som gjekk på Meteor i fjor haust, og eg kjenner at eg gledar meg til neste del av KAZAK med landscapeing på høgt plan.

Ambient glimt av varm feiring ein kald haustkveld. Effekt: «Levende».

Det beste var eigentleg minikonserten på slutten, der aktørane spelte og kosa seg. Skogen vart til scene for eit rockeband, som fniste litt når dei gløymte teksten her og der. Stemninga smitta over på oss andre, og fornøgd kunne eg stille meg i kø for eit glas kvitvin – slik at eg kunne feire jubilanten med litt real sup og sup (ta ein sup og eta su-up, som Ingrid ville ha sagt).

To av tre sortar kake. Effekt: «Glimt».

Det som var nesten enda betre enn to sortar uvanleg god supe, var at vi fekk både kakar og non stop etterpå.

Javisst er det trist at NONcompany lyt vente litt med neste framsyining grunna mangel på kapital. Men ein liten omveg med kake og ballongar er aldri feil.

I mangel på Ingrid, lurte eg med meg ein sørvisinnstilt BIT-medarbeidar inn på toalettet: teatervitaren Eirik. Effekt: «Vintage».

KAZAK: Intermesso – Av og med: Lena Lundsten Buchacz, Hans Jaran Skogen, Øyvind B. Lyse, Morten Pettersen og Lise Risom Olsen Produsent: Tone Myklatun.

– Ragnhild