Tilbake til Fjaler – og vidare!

Etter ei tung tid for kulturbransjen tok Teaterfestivalen i Fjaler ansvaret for å gi oss eit ljos i haustmørket, og litt energi i førebuinga av tida som kjem! For kor godt det var å endelig kunne oppleve noko saman med andre ein ikkje kjenner så godt, men kor ein kan le av det same!

Spel gir samhald. Sjølv i ein kald bombekjellar i regnet.
Foto: Petter Skar

 

Raskt summert opp vil eg seie at fotball + spel = samhald. Eller Fellesskapet som Fjalerutvandrar Ingolf Arnarsson minna oss om då han kom tilbake frå den andre sia, med hjølp hjå nyvunnen teknologi sponsa av hjørnesteinsbedrifta Hansen Technologies. Me treng dei arenaene korr ein kan møtas, born og vaksne, profesjonelle og amatørar.

Islandbusettaren Ingolf Arnarsson stig opp frå de døde under Teaterfestivalen i Fjaler. Hit har me altså kome i teknologien.
Foto: Petter Skar

Fotballspelaren Kevin Keegan, 70-talets beste fotballspelar, sto også opp i Dale, men frå ein flatpakka versjon.
Foto: Petter Skar

Kan landskampane i fotball please innehalde litt meir dans og kreative innslag framover? Helst utført av flinke born som elskar å opptre. Då trur eg det blir mindre diskusjon rundt tv`en i dei tusen norske heimar i tida framover.
Foto: Petter Skar

Eg var nok ikkje den einaste som kjende på ein klump i halsen når ein fekk høyre og syne
Dale musikkkorps under Fotballspelet, Vinge/Müller. Ein gång korpsmusikar.
Foto: Petter Skar

 

Tid for spel 2 – Fjalerspelet. Som eigentleg vert avlyst då Teaterfestivalen i Fjaler meinte det var for dårleg kvalitet på det dei presterte. Men dei nekta å gje seg, og brukte mykje tid på å spre hat og splid i bygda. So mykje faktisk at dei gløymde å lage sjølve spelet. Men dei kasta seg ut i det som ekte spelmakarar må, og for eit show!

Fjalerspelet vert sponsa av Hansen Technologies, men det merka me ikkje så mykje tå…
Foto: Petter Skar

 

Her er det eg elskar med spel. Plutseleg kan nye talent dukke opp frå ingensteds, og slå oss i bakken med framføringa si! Her er Mats Høstaker i aksjon. Bror hass, Fredrik bør vakta seg i tida framover trur eg.
Foto: Petter Skar

 

Helgas opptur: Å få danse igjen, smittefritt på kohortDisco hjå DJ Grovi.
Foto: Petter Skar

Kven er denne DJ Grovi? Er ikkje Grovi ei elv i Lærdal?  Nei, eg anar ikkje, men elskaar paljettane
– så glad for at eg tok med meg paljetttoppen min så kunne eg glitra i takt!
Foto: Petter Skar

 

Masterstudentane på KhiO laga hendingar rundt om i heile Dale. Me fekk walk-in sørvis hjå Jo Even Bjørke og Lærke Grøntvedt.
Soul food og eksistensielle spørsmål på 12 min.
Foto: Petter Skar

Sofie Frost og Mine Nilay Yalcin skreiv i vaskehall og gav oss vin. Kred.
Foto: Petter Skar

Siste hending var høyrespelet Røyst – høyrespel for fjorden med installasjonen Desibel. Her må ein ut i båt for å kome fram.
Det sei ein ikkje nei takk til.
Foto: Petter Skar

Så var den åttande Teaterfestivalen i Fjaler kome til ein ende. Men skal det ende her? Nei, her blir det mykje teater i åra framover, det er eg sikker på.

Det eg ikkje er like sikker på er denna bloggkarriera eg testa ut på oppdrag hjå Frontlosjen. Ein blir sliten av å blogge, tenke ut moglege vinklingar og stories. Så all ære til losjarane der. Uansett er eg så takknemleg for at eg får kome attende til gjestfriheita i Dale.

Den er det einaste som var smittefarleg på denne festivalen <3

Vegard Vinge har teikna litt i førebuinga til Teaterfestivalen i Fjaler. Kred til Fotballkatedralen.
Foto: Petter Skar

Over og ut, Helena Wik