Kategorier
Gjesteinnlegg

Corner i mål

Vi spurte dagleg leiar for Proscen, Linda Børnes, korleis ho ville oppsummere teateråret 2013 i ein gjestekommentar.

Vi spurte dagleg leiar for Proscen, Linda Børnes, korleis ho ville oppsummere teateråret 2013 i ein gjestekommentar. Det vart slik:

Scenekunståret 2013,

Ei unyansert oppsummering frå ein ikkje-nøytral ståstad.

2013 har vore eit godt scenekunstår. Både på festival, institusjon og på dei uavhengige scenane har det vore ei rekke glitrande produksjonar. Året har vore prega av viktige jubileum, nye kunstneriske leiarar og opning av nye hus. Alt dette er noko eg rasjonelt sett veit, noko eg med stor vissheit kan seie eg har teke del i, opplevingar som har vore viktig for eit scenekunsthjarte som mitt. Og dette har no altså Frontlosjen invitert meg til å seie noko reflektert om.

Skjermbilde 2014-01-27 kl. 22.56.36(1)

Men

… mitt hjarte har krasjlanda bak eit cornerflagg på Møhlenpris. I ein falleferdig , lurvete lagerbygning som gjennom fjoråret sakte men sikkert forvandla seg til ei sitrande lysegrøn perle. Og eg merkar altså at kva enn eg prøver å mane fram frå året som gjekk er det umogleg…. å leite etter… noko som helst inntrykk som overgår dette. Eg kan like godt erklære meg inhabil først som sist: Det einaste eg vil (og det einaste eg kjem til) er å skrive om Cornerteateret. Cornerteateret overskygger alt anna i mitt 2013. Altoppslukande. Ja.

Kva er det med Cornerteateret som er så unikt? Ja, eg har vore engasjert i prosjektet. Ja, eg har lagt ned utallige arbeidstimar både i 2013 og åra før. Men det er ikkje difor eg meiner det er så viktig. Hør! Cornerteateret er minst av alt eit hus, og mest av alt eit enormt fellesløft for å få til noko som er annleis. Cornerteateret handlar om ein ukuelig vilje til å løfte fram alle dei scenekunstuttrykka som blir skapt uavhengig av dei store jubilea, dei etablerte institusjonane, dei påkosta premierane eller dei politiske gallionsfigurane. Og denne viljen fins i byen eg bur i, i byen eg elskar. Og kanskje er det kun her i Bergen det kunne skje? Eg likar å tenkje det.

Det er heller ingen tvil om at dette prosjektet er gjennomført på trass, utan sikra økonomi, med ein innfløkt bookingmodell som aldri har vore prøvd ut før, eit sambuarskap mellom to ulike organisasjonar, to miljø med ulike behov, og med ein utfordrande konkurranse om publikum. Kunne dette gå bra?? Med freidig pågangsmot kalla me det like godt Cornermodellen, og fyrte i gang!! Dei siste månadene før opning var prega av byggefristar og kloakkledningar som sprakk, strømstans, skjenkeprøver, redegjering for universell utforming og eg veit ikkje kva. Men ein premieredato er ein premieredato, så 7. september opna me endelig dørene for kunstarar, aktørar, barn, unge og publikum. Og for ein fest det var! Og for ein fest det har blitt! I dei fire første månadene har huset kvar einaste dag vore fylt til randen av prosjekt med stor variasjon i størrelse og utrykk. Me har hatt ti premierar, tre gjestespel, ein festival og ein rekke kurs og arrangement.

Så no står eg her, på siste dagen av året, mellom fyrverkeri og champagne, dagen der det faktisk er lov å vere litt melankolsk: så takk til alle kollegaer på huset, til kommunen og andre støttespelarar, men ikkje minst eit stort heiarop til all medlemmar av Proscen, det frie scenekunstfeltet som har vore med å bære fram og forme prosjektet, og som i stor grad er grunnen til at huset er fylt opp óg i 2014.

For deg som vil høyre meir, her er litt facts: Cornerteateret er eit produksjonshus med to blackbox- scener, tre studiorom, ti kontorplassar og på toppen av det heile ein bar. Huset ligg på Marineholmen og er innkransa av tre naboar som alle på sin måte er kjende landemerker: Handelshøyskolen BI, fotballbanen på Møhlenpris og ikkje minst eit kaffebrenneri som serverer sjaldan god kaffi og steikjer pizza til deg frå sjølvbygd steinovn. Så kom deg på besøk,- før det er for seint. Og det framleis er ledige stolar å kjøpe.

Bilde 1

Foto: Turid Rognø/Millan Persdotter Person

– Linda