Ten ways to wear your master scarf

I fjor vart vi begge teatervitarar på ordentleg. Dette måtte sjølvsagt feirast, og frå Universitetet i Bergen fekk vi ein veldig fin gave … eh. Eitt mørkeblått silkesjal som går i gull på eine sida og sølv på andre sida, i mønsteret finn ein logoen til UiB. Dette skjerfet har vi ikkje sett blitt brukt særleg i gangane på HF, sidan det ikkje kan vere fordi vi er dei einaste som har ein mastergrad på dei høgdene må dette vere fordi folk rett og slett ikkje veit korleis dei skal bruke dette sjalet. Her gir vi deg ti forslag: (og trinn for trinn-beskrivelse for korleis du kan get the look sjølv)

1: We can do it!

DNS markerer kvinnestemmerettsåret med forutsigbare framsyningar som Pippi Langstrømpe og Et Dukkehjem. Du kan markere det med å gå med vaskekoneskaut heile året.

Slik gjer du: Surr sjalet to gongar rundt hovudet, knyt igjen. Pass på at knuten kjem i panna. Spenn musklene og sjå streng ut.

2: Fatle i nauden

Faren for å dette på isen er stor om du ikkje er lur og har på broddar på skoane (ein vil jo så fin ut når ein skal på teater). Om uhellet skulle vere ute er det viktig å så stilig ut i ein lekker fatle.

Slik gjer du: knytt begge endane i ein dobbeltknute, tre sjalet over hovudet, strekk ut stoffet og legg den aktuelle handa inni. Sjå smertefull ut.

3: Piratparty

I tilfelle du trur at Jack Sparrow dukkar opp på kvart gatehjørne og tek deg med til ei aude øy er det viktig å vere førebudd. Mannfolk likar kvinner som ser ut som dei har bein i nasen.

Slik gjer du: fold sammen sjalet slik at det blir smalare og knytt det ein gong rundt hovudet, med knuten på sida. Sjå morsk ut.

4: Mette Marit

Sjølv om kronprinsessa har anlagt midtskill dei siste åra, og ikkje ser så stusseleg ut lenger, så vil vi alltid forbinde ho med denne knuten. Om du vil sjå ekstra royal ut, vil vi anbefale midtskill, men det er fare for at du får dårlege flashback frå nittitalet.

Slik gjer du: legg sjalet dobbelt, ta det bak nakken, opne holet du får i bretteenden, stikk den andre enden gjennom. Sjå kongeleg ut.

5: Fattigkoneskaut

Viss du følar for å vere ekstra bergensk ein dag (dette gjeld altså for deg som bur i Bergen, men om du bur andre stadar kan du sikkert pull it off viss du gjer ein skikkeleg innsats), kan du late som du er Oline i Amalie Skram si bok Hellemyrsfolket og henge på fisketorget slik som strilane gjer.

Slik gjer du: legg midten av sjalet på hovudet, knytt saman endane under haka. Sjå fattegsleg ut.

6: Surpriseparty!

Dette er perfekt viss du vil overraske deg sjølv. Når du kjem sliten heim frå jobb ein dag, tek du sjalet opp frå veska og knyttar det foran augane. Opne døra og lag din eigen overraskingsfest!

Slik gjer du: legg midten av sjalet over augane, og knyt det fast i bakhovudet. Pass på at du ikkje ser gjennom. Sjå blind/overraska ut

7: Sol Tove

Eitt alterego som eksentrisk dramalærar på steinerskulen er alltid greitt å ha. Sol Tove driv med afrikansk tromming, meditering og rawfoodkokkelering/detox på fritida.

Slik gjer du: rusk saman håret ditt på toppen av hovudet. Legg sjalet i nakken og knyt det over panna i ein stor kjerringknute. Sjå svevande ut.

8: Isadora Duncan

Den klassiske pasasjer-i-kabrolet-looken. Hugs store solbriller og kjørehansker. Og mann med kabrolet. Pass på å knyte sjalet godt nok fast, slik at du ikkje endar som Isadora.

Slik gjer du: surr sjalet ein gong rundt hovudet og ein gong rundt nakken. KNYTT GODT NOK FAST.

9: Anti-Karius og Baktus

Har du vondt i magen og gå til Per i hagen. Har du vondt i tenna så gå til Jon i grenna.

Slik gjer du: legg sjalet frå undersida av haka og legg det rundt kinna og over hodet. Knytt skikkelig igjen. Sjå oppblåst ut.

10: Itsy bitsy teeny weeny

Ånei, det vart akutt sol (ha! som om det kjem til å skje) og kroppen har eitt inderlig behov for D-vitamin, men du har ingen stilig bikinitopp å sole deg i. Krise.  (Du kunne gjort det topplaus seier du? Men nygårdsparken er det nærmste du kjem til noko som liknar ein hage).

Slik gjer du: Legg sjalet bak ryggen og knytt det saman mellom puppane. Stram godt. Sjå seksi ut.

***

Og med det reknar eg med at det vil florere av damer i byen med det lekre sjalet (mannfolka får slips i same stoffet, så eg kan dessverre ikkje vere så kjønnsnøytral som eg ønskar og seie «florere av folk»).

Korleis knyter du mastersjalet ditt?

-Ingrid