Get the look: Sven Åge

Om nokre dagar startar BIT-teatergarasjens teaterfestival Meteor! Det er noko å glede seg til. For å gli inn i desse galaktiske omgivnadane, gir vi deg i dag ein guide til korleis du kan få stilen til BIT si største stjerne, Sven Åge. The curator him self!

Sven Åge sin stil har i grunnen ikkje noko overraskande ved seg, men nokre gongar er det veldig greitt å vite kva ein skal forhalde seg til. I motsetning til Agnete, så er fargar fy fy! Det skal vere svart, til naud grått. Det er ganske enkelt i grunn: garderoben består stort sett av mørke jeans og mørke skjortar.  No når det er litt kaldare er ei god ullkåpe eit must, og gjerne eit skjerf du kan fortsette å ha på deg inne. Topp det heile med ein svart beanie. Og hugs øyreringane, for all del!

sven3_1(Foto: The curators piece)

 Slik får du stilen:

  • Røffe boots
  • Mørke jeans
  • Skjorte
  • Mørk ullfrakk
  • Fleksibelt skjerf
  • Lue
  • Øreringar
Sven Åge

Placket shirtTopshop coatblack skinny jeans, motorcycle boots, silver earringsIsabel Marant scarveBOY London hat

Bonus!

Om du vil fullføre stilen heilt komplett, kan vi avsløre at på BIT sine kontorar er kleskoden ullgenser i lilla/rosa/oransje-fargar i forskjellige mønstre. Vil du få ein komplett BIT-stil, bør du gå til avskaffelse av ein slik genser så fort som mogleg. Helst heimestrikka!

IMG_9803Til inspirasjon:

BIT-genser

Picture0284

Tags: ,