Get the look: Sarah Bernhardt

Vi har tidlegare hylla Sara Bernhardt med å gi dykk oppskrifta på konfekten oppkalla etter ho, men den store primadonnaen på dei franske scenane under siste halvdel av 1800-talet har så mykje meir å by på enn det. I dag hadde Sara Bernhardt vore 170 år. Men no ligg ho nok trygt i kista si. Heldigvis kan du føre arven og hennes ettermæle vidare på enkelt vis:

Få stilen til Sarah Bernhardt her og no!

Tenk Art Deco! Lekre smykker og kjoler med masse bling som gjerne er assymetriske, men det skal ikkje vere tacky.  Lange kjolar i mermaid eller trompetsnitt er det du ser etter når du shoppar. Silke og blonder om kvarandre. Stort hår som blafrar i vinden og som enkelt kan settast opp til ein bukket (Litt som Millan sitt). Tøyblomer både i hår og på kjole. Eventuelt ekte blomer om du er hardcore. No er du klar til å bli scenas dronning!

mucha101sarah

kunstnar1

Slik skapar du stilen:

  • Store raude krøllar
  • Blomer
  • Diadem
  • Gull og glitter
  • Flagrande, men elegant kjole
  • Enkel sminke
Sarah

BONUS! HALLOWEEN EDITION!

Som den gode teatervitaren du heilt sikker er, er det overflødig å nemne at Sarah Bernhardt helst tilbragte nettene i ei kiste. Skal du på halloween-fest i år, kjører du denne stilen på komplett vis ved å toppe med dødleg sminke. Tenk True blood møtar Shaun of the dead. Altså grasiøst, men samstundes ekkelt. Og er du ekstra dedikert, kan du til og med lage di eiga kiste, vi har til og med funne ein introduksjonsvideo til deg.
ZoombieSarah
Tags: