Kategorier
Fashion Festival Get the look

Get the look: Miriam og Torkil

Korleis få den optimale Teaterfestivalen i Fjaler-looken!

Siste forestilling under teaterfestivalen i Fjalers 2015-versjon er ferdig og du sitt kanskje attende med eit tomrom du ikkje heilt veit korleis du skal fylle? Fortvil ikkje – vi har løysinga for korleis du kan forkorte ventetida til neste års festival! Med enkle grep kan kvar dag bli ein festival: ved å stjele stilen til to av primus motorane bak festivalen: Torkil Samsund og Miriam Prestøy Lie.

Få stilen til Torkil og Miriam no! 

Vi har ein sterk mistanke om at Torkil og Miriam har felles klesskap, for her er det mange androgyne trekk på gang – særleg når det kjem til flanellskjorter. Likevel har dei eigne særtrekk som gjer dei unike: Om det er Miriam sin stil du vil følge er nøytrale plagg i svart ditt utgangspunkt – dette spriter du opp med ei fargerik regnjakke eller flanell-jakke, alt ettersom kva ver det er. Box freshe nike sko og raud leppestift er prikken over i’en for å bli bygdahipster.  Når det gjeld Torkil er det omtrent same utgangspunkt, berre at flanellskjorta gjerne er under ein ullgenser med glidelås eller ei mørk regnjakke. Jeansen din bør vere naturlig slitt og du er alltid beredt med praktiske sko. Det er dette vi kaller SP-grunsj.

DSC02795

 

DSC02855-1024x682

 

11825796_541153066031932_4470142711837702783_n

Foto: David Zedig

 

Slik får du stilen til Miriam: 

  • svarte jeans
  • svart genser
  • kvite nike sko
  • stor flanell-jakke
  • gul regnjakke
  • raud leppestift
  • eit stort skjerf
MIRIAM

 

Slik får du stilen til Torkil: 

    • blå jeans
    • flanellskjorte (som er stappa i buksa)
    • ullgenser med høg hals og glidelås (fleecegenser går kanskje bra)
    • praktiske sko
    • mørk regnjakke
TORKIL

 

Tvi tvi, også gler vi oss til å sjå alle i like antrekk til neste års festival!

-Ingrid og Ranhild

// mjøling av andre si kake //  frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler

Legg igjen en kommentar