Get the look: Kristin Lavransdatter

Kristin Lavransdatter the musical har sett dagens ljos på DNS.
Vi hjelp deg med å sjå ut som ho i valfri periode i livet. Lukke til!

Tre versjonar av Kristin, her frå Kristin Lavransdatterspelet.

Kransen

I den fyrste boka i trilogien til Sigrid Undset er Kristin ei ungmø. Ho har ljost, fagert hår og er relativt uskuldsrein, trur vi. Men sidan denne delen av historia har vorte både filmatisert og vist som teater ein del gongar, er det òg lov å la seg inspirere av dei ulike som har spela Kristin på scenen. Dei har sjeldan blondt hår, og er sjeldan yngre enn 30. I tillegg har dei ofte merkeleg småkrusa hår (standard frisyre for alle historiske stykke på DNS).

Slik stel du stilen til Kristin:

  • Sid kjole med A-skjørt
  • Naturfarga stoff (vi anbefaler ikkje blå)
  • Jesussandalar, slik dei hadde i gamledagar (uttales: gåmedågåværn)
  • Kors rundt halsen,  fortrinnsvis eitt du har fått av far din)
  • Blondt hår og ung / Ikkje blondt hår, merkeleg småkrusar hår og vaksen
  • Eventuelt ein blomekrans du fekke av ei framand dame på fjellet
  • Raud kjole om du skal gifte deg (det ser jo stilig ut!)

 

Kransen

 

 

Husfrue

Spoileralert: Jepp, ho vart gift. Og da «batt ho opp håret i denne dag» og fekk eit trailerlass med sønar. Med til saman åtte graviditetar, vil trur vi at vi har rimeleg bellegg for å seie at Kristin gjekk med relativt lause, behagelege kjolar store delar av tida.

 

Kristin med eitt av mange barn (foto: Magnus Skrede)

Slik stel du stilen til Kristin:

  • Skaut
  • Bli gravid. Alternativ: et ein stor lunsj
  • Lause, fotside kjolar
  • Korset heng framleis rundt halsen
  • Gjerne sleng til ein bad ass nøkkel i beltet
  • Beltet skal forresten ikkje sitte så stramt i livet som ofte framstilt. Dei markerte visstnok ikkje midja på den tida
Husfrue

 

 

Korset

I siste del av trilogien om Kristin flytter ho heim til Jørundgard, og så døyr mannen hennar.  «Gammel og utslitt blir Kristin tatt opp som leksøster i et kloster», står det på wikipedia. Det er ei sanning med modifikasjonar, sidan ho truleg ikkje vart 50 år ein gong. Ho døyr i 1349 av (spoiler alert:) svartedauden. Men endeleg får ho fred i sjela, og for nokre av dykk er det derfor kanskje fristande å stjele stile til Kristin.

  • Skaut
  • Leksøster-outfit
  • Smokey eyes kit på andlete og kropp for ein siste finish
  • «Bare korset etter Lavrans beholdt du, det ville du ha med deg i graven.» – Sigrid Undset

Korset

Korset featuring quote throw pillows

 

Bileta i dette innlegget er skamlaust henta frå filmen, Trøndelag Teater, DNS (Magnus Skrede) og Kristin Lavranddatterspelet.

– Ragnhild og Ingrid

 

Tags: