Henrik Ibsen har skapt mange fengslande og iøyenfallande karakterer som har blitt interessante moteikon opp gjennom åra. Hedvig i Vildanden er ikkje noko unntak. Da Vegard Winge og Ida Müller satte opp Vildanden i 2009 fekk vi verkeleg sjå kva Hedvig kunne vere god for.
Looken er praktisk og komfortabel. Den går like godt til ein vill kveld på byen som til kos på hytta i påska. Her er fargar og mis-match stikkord, men ikkje ta heilt av. Ein bleik kropp er optimalt, gløym betakoroten og spraytan, finn fram den kvitaste fundationen du kan oppdrive og topp det heile med bustete lyse lokkar. Kven vil vel ikkje ha det tidlause, barnlege og teikneserieaktige preget på stilen til Hedvig?
Foto: hc gilje
Slik får du stilen:
- Stor, formlaus raud- og kvitstripete kjole
- bestemorstrømpebukse
- blå sokk
- raud sokk
- lys parykk med mykje volum
- store briller
- kvit sminke