Dei dødes aften

Vi er klar over at Halloween var i går, men vi satsar på at det er fleire der ute som skal på Halloween-party i kveld òg. Om ikkje får de sjå på det som at vi er veldig tidleg ute til neste år. Men sånn går det når ein er ute i siste liten. Fashionably late. Betre seint enn aldri og alt det der.

Frontlosjen gir deg våre heiteste tips til kva du kan kle deg ut som på Halloween. Sjølvsagt med ein klar teaterreferanse. I ein kombinert Get the look og Topp 5-sak. Ein gavepakke altså!

5. Et dukkehjem

Kva med å ta tittelen på ordet og kle deg ut som ein faktisk dukkeheim? Dette er kjempeupraktisk, men det er det som er så bra med det. Her kan du innrede dukkeheimen slik som den er i originalmanus for å vere ekstra detaljrik.

Slik gjer du: Finn eit gamalt dukkehus eller lag eit sjølv. Syt for å få plass til hode, hender og føtter inni. Innred etter Ibsens eller eigen smak. NB! Må ikkje forveklslast med Alice som blir stor inni huset, så ikkje ta på deg blå kjole med kvitt forkle.

Dukkehjem4. Ubu Roi

Kong Ubu av Alfred Jerry seiast å vere det første absurde teaterstykket som er skriven. Det absurde i seg sjølv er ganske skummel, Kong Ubu er det han og.

ubu_frSlik gjer du: Lån den oppblåsbare drakta av Happy Gorilla Dance Company. Mal på eit snurremønster, ta på deg krone og ha ein meisel eller liknande i handa. Og Mario-bart.

UbuRoi3. Black Rider

Her snakkar vi sjølvsagt om originaloppsettinga i 1990 med Robert Wilson i regisetet. Det er sikkert mange rollar ein kunne godt for her, men vi rådar deg sjølvsagt til å velge Djevelen, eller Peleg som han heiter i stykket.

PelegSlik gjer du: Skaff deg ein raud livkjole. Vi skjønar at det kan vere vanskeleg å få tak i, men det går an å bruke ein svart ein som du spraymalar raud. Mal deg kvit i ansiktet i rette Robert Wilson-stil. Hugs halen.

PELEG12. Den Grønnkledde

Den Grønnkledde gir sjølvsagt fleire moglegheitar. Du kan gå for den sexy, vakre og vene versjonen som lurar Peer med i dovrehallen. Men sidan det er Halloween så får du ikkje lov til det. Du skal sjølvsagt vere den ekle versjonen av Den Grønnkledde.Peer og GrønnkleddSlik gjer du: Først og fremst: ikkje vask håret ditt på eit par veker, det skal sjå feitt og ekkelt ut. Ta på deg noko grønt, det i grunnen ikkje så nøye kva, men polstre rumpa så den blir ekstra feit. Toppen av kransekaka er sjølvsagt hengepuppane du tar på utanpå antrekket. Her kan du bruke ei gamal strømpebukse og fylle dei med bomull og ris slik at dei heng godt.

Grønnkledd1. Lille Eyolf post mortem

SPOILER ALERT! Stakkars Lille Eyolf som druknar så tragisk på jakt etter rotter. Å kle seg ut som dei daude på Halloween er jo opplagt, å kle seg ut som eit drukna barn er berre freaky. Derfor er det vårt heitaste tips.

Foto Erik BergFoto: Erik Berg (DNS)

Slik gjer du: Fritt etter DNS sin versjon av Lille Eyolf i 2007 er redningsvest hovudplagget. Ha gjerne på ein dress innom. Smink deg slik at du ser drukna ut, men hugs å sjå ung ut i tillegg. Topp det heile med å gå i dusjen rett før du går ut døra slik at du er klissblaut.

Lille EyolfHer er andre utkledningstips som ikkje kom med i toppen denne gongen: Rottejomfruen i Lille Eyolf, Spøkelset i Hamlet, Vildanden, Spöksonaten, Sjørøverjenny, Hora i Mor Courage, Pantalone, Sara Bernhardt i kista, Romeo og Juliet post mortem (perfekt kleint parkostyme).

– Ingrid og Ragnhild

Tags: