10 ways to wear your kirurgiske munnbind

Det er endeleg tid for festival i Fjaler. Samstundes er det framleis pandemitider, og ulike typar ansiktsmaske har blitt eit nytt must i garderoben for alle som som er på farten. Vi har samla ein handfull kreative måtar å bruke munnbind på, slik at alle i Dale får mest mogleg ut av festivaltilværet. Her gir vi deg ti forslag (og trinn for trinn-skildring for korleis du kan get the look sjølv).

1. Nasegrevet

Det er ekkelt og klamt å puste inni ein klut. Men fortvil ikkje: Det finst kreative smutthol for å god ventilasjon gjennom heile framsyninga.

Slik gjer du: Ta på munnbindet som normalt. Når du har sikra at strikken sitt godt bak øyra, frigjer du nasen frå fengselet sitt. Pust med nasen.

2. Helseministeren

Det kan vere fint å utstråle sikkerheit og makt på festival, spesielt dersom du vil at folk skal sjå litt ekstra opp til deg. Eit godt tips da, er å ta i bruk stilen til stjernene. Bent Høie er eit heitt namn for tida, og ein smart figur å stjele stilen til. Her har vi gått for ein litt tidleg periode med retro tilsnitt. Ein klassikar!

Slik gjer du: Ta munnbindet forsiktig ut av pakka. Hekt stikkane forsiktig på kvart øyre. Her er det spesielt viktig å passe på at du ikkje drar i det eller kjem til å endre forma – denne looken skal skal utstråle ein kombinasjon av mint condition og box fresh!

3. Middagsluren

Det er slitsomt å vere scenekunstsupportar. Festivallivet krev sitt – da er det viktig å utnytte sjansen til ein liten cowboystrekk mellom slaga. Med denne lure life hack-en kan du sovne kvar som helst: anten det er under eit kafébord i studio Nova, eller om du sitt i ein mørk teatersal.

Slik gjer du: Ta på munnbindet som normalt. Når du kjenner John Blund banke på døra, dreg du munnbindet opp forbi nasen og over auga. Pass på å berøre munnbindet ekstra mykje for å sikre att det dekker som det skal. Når du er ferdig, kan du føre munnbindet fortsatt opp i same retning, til det kviler trygt på øvre del av panne / framre del av hovud. Da ligg det parat til neste gong du treng det. Behald strikken rundt øyra heile vegen.

4. Tåkeluren

Alle som har vore på Teaterfestivalen i Dale, veit at ein må ta været som det er. Hauststormen har blitt eit forventa, nesten kjærkomment innslag, som liksom beviser kor ekstremt glade vi er i å sjå teater. Vi er villige til å gå gjennom eld og (mykje) vatn for deg, kjære TiF! Dersom de skulle ønskje ein spesielt autentisk oppleving, går det an å booste vær-ambiensen litt ekstra med enkle grep.

Slik gjer du: Kombiner munnbind med briller! Superlett og garantert dårleg sikt.

5. Øyrepynten

Lei av å gå rundt å halde på ting heile tida? Slitsomt å snakke med noko framfor munnen? Da er dette løysiga for deg! Som ein einsleg fjær-øyredobb sikrar munnbindet deg ytrinsfridom kombinert med ein chic kuns-t og handtverkslærar-stil.

Slik gjer du: Heng munnbindet i ein strikk over ønska øyre. Dette er ein look som kan nyttast som fase i kombinasjon med alle andre trinn i denne oversikten. Stilig OG anvendbar, der altså

6. 66 Satanisten

Alt er betre opp-ned! Ver tøff og syn at du meiner alvor, sjølv om svartmetallkonserten vart avlyst i denne omgang (den gleda vi oss sånn til, reknar med den kjem neste år?). #jesuisGaahlsWYRD

Slik gjer du: Inni eine kanten av munnbindet er det ein metalltråd som kan formast etter nase og munn for best mogleg effekt. Plasser denne OPPNED, under haka. For ekstra effekt: plasser i tillegg den farga sida av munnbindet inn mot nase og munn. Metall, mann!

7. Ivar Aasen

Dårleg skjeggvekst, eller berre veldig glad i karneval? Da er dette noko for deg! Anbefalast av 9 av 10 kjøpesenternissar.

Slik gjer du: Ta på munnbindet som normalt. før så munnbindet ned frå nase og munn med ein, eller helst to hender. Plasser i høve til ønska lausskjeggstil. Personleg anbefaler vi varianten der «skjegget» dekker haka, for å sikre at munnbindet kjem i hyppig kontakt med leppe og munn.

8. Snackser’n

Menneske kan berre gå 3 veker utan mat*, og denne unnatakstilstanden kjem nok til å vare lenger enn som så. Vi har teknikken som sikrar proteininntaket, sjølv under den villaste pandemi. Med teknisk presisjon kan du innta store mengder fast føde gjennom denne velprøvde metoden, testa ut under kliniske forhold av utallige flypassasjerar sommaren 2020.

Slik gjer du: ta ein matbit i passe storleik i den dominante handa di. Løft så nedre del av munnbindet med den andre handa, og før maten med ein fast bevegele opp til munnen. Tygg normalt. Tips: dersom det er slitsomt å puste medan du tygg, anbefaler vi «Snackser’n» i kombinasjon med «Nasegrevet».

*Kjelde: Den episoden i Outlander der ho dama kjem i land på den øya før ho finn att Jamie. 

9. Bakteriefloraen

Det er jo ikkje slik at ein må ha på seg munnbind heile tida, og mykje av tida er såkalla transitperiodar, eller presmittevernstiltaksfasar. På ein teaterfestival kan dette til dømes vere medan du ventar på bussen i Flekke,  tek ein pause på Allmuen mellom slaga, eller medan vi ventar i kø utanfor ei framsyning. I desse situasjonane er det svært trendy å halde munnbindet godt synleg og lett tilgjengeleg i handa: alltid beredt!

Slik gjer du: Ta munnbindet ut av forsegla pose og hald det i handa. Her er det viktig at innsida av munnbindet møter innsida av handflata. Sørg for størst mogleg berøringsflate. Denne looken er ekstra kul i kombinasjon med mobiltelefon.

10. Smittevernstiltaket

I situasjonar der det ikkje er mogleg å oppretthalde minst ein meters avstand, kan munnbind vere eit godt alternativ – særleg for å passe på at du ikkje smittar andre. Kirurgiske munnbind kan fungere godt inntil 4 timar dersom du nyttar det riktig, og hugsar at avstand framleis er det som er mest effektivt (også med munnbind).

Slik gjer du: Heilt seriøst. Du er ikkje for kul til å lese bruksanvisninga. https://helsenorge.no/koronavirus/munnbind

Illustrasjonen har vi lånt frå FHI, for å sikre mest mogleg påliteleg informasjon utan mellom-ledd og omskrivingar.

***

Og med det reknar vi med at det vil florere av festivaldeltakarar med dette lekre tilbehøret i tryllebygda Dale. Korleis nyttar du munnbindet ditt?

#altblirbra

 

– Ragnhild og Ingrid