Frontrom

Frontlosjefestivalen gir fagleg påfyll for både ferske og modne aktørar i scenekunstfeltet. Fokus for det faglege programmet i 2020 er den individuelle stemmen i eit kunstnarskap, og korleis ein kan finne og formidle den.

Vi har invitert kunstnarar som er med ulike i bransjen, og som alt har markert seg med ein tydeleg stemme, og la dei presentere ulike arbeidsmetodar og teknikkar for å finne sin signatur i scenekunstmylderet.

Vi håpar at ein kan gå heim frå dette med nye refleksjonar og og ein tydeleg(are) stemme.

Seminaret passar både deg som er skodespelar, regissør, koreograf eller produsent, eller noko i mellom. Det er opent og gratis for alle, men det krev påmelding. 

Heile programmet finn stad på Cornerteateret

[maxbutton id=»1″ url=»https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSdOZnfQTff15MDr0LBbNYOw8JIYKWUsp1XVOj3sCRdWku-SOw/viewform?usp=sf_link» text=»Påmelding til Frontrom» window=»new» ]

Torsdag 20. februar
Seminar: Korleis finne sin kunstnarelege stemme.

10:00 Fredrik Høyer: Kva gjer eit kunstnarskap unikt?

Poet, forfatter og scenekunstner Fredrik Høyer har utmerka seg som ein tydeleg kunstnarisk profil, sjølv om prosjekta han rørar seg i fleire kunstnariske retningar. Han vil gå inn i djupna om korleis hans reise med å etablere sin signatur utarta seg, ved å presentere nokre av dei varierte prosjekta han jobbar med.

11:00 Marie Nikazm Bakken: Metodar for å for å skape ein signatur

Marie har berre nokre år bak seg, men har med sine storslage oppsettingar av ulike Ibsen-stykke allereie synt ein åpenbar signatur i sine kunstneriske verk, sjølv om dei omfavnar variert i tematikk, metodar og virkemidlar. Ho vil presentere korleis ho har funne sin signatur og metodar ho brukar i arbeidet med sitt uttrykk i sine framsyningar. 

13:00 Hildur Kristinsdottir: Kunstnarisk utfolding i møtet med prosjektskildringar

Hildur Kristinsdottir er regissør og skodespelar med utdanning fra Akademi for scenekunst. Ho er oppteken av å utfordre publikum med komplekse kunstopplevingar, både for barn og vaksne. Dette synte ho særleg gjennom trilogien Klassikere for kids, kor fleire av framsyningane vart nominert til Heddaprisen. I 2019 hadde ho regi på Bildet på Trøndelag Teater og duoen Kristinsdottir/Willyson har ho laga Synkehull (2017) og Lille Leiolf (Eyolfs Minde) (2019). 

Med desse prosjekta som bakteppe, vil Hildur gi ein presentasjon om korleis ho strategisk bruker søknadsarbeid og prosjektskildringar som ein del av den kunstneriske prosessen.

Fredag 21. Februar
10:00–13:00 Scenetorg

Her får du høve til å presentere eit enkelt prosjekt eller ditt generelle kunstnariske virke for dei ulike aktørar i scenekunstbransen. Dette er individuelle møtar på 30 minutt, kor du kan gå i tett dialog og får moglegheit for konkrete tilbakemeldingar.

Du kan møte:
Sven Åge Birkeland, teatersjef BIT-teatergarasjen
Jørn Kvist, teatersjef Fyllingsdalen teater
Jørgen Knutsen, scenekunstkonsulent

17:00 Debatt om samtidsteater

Kvar skjer med det nye, utforskande og utfordrande samtidsteateret i Bergen?
I samband med to av teaterframsyningane vi viser i år, legg vi opp til ein eigen samtale der vi sett søkelys på utviklinga av ny teaterkunst i byen. Vi ønskjer å ta tak i spørsmål kring behovet for nye initiativ, og utfordringar knytt til tilrettelegging og stå på-vilje. Med oss på laget har vi Cornerteateret og Bergen Dansesenter. Les meir

I panelet: Marit Eikemo (Cornerteateret), Lisa Nøttseter (Bergen Dansesenter), Camilla Liby Clausen (Bergen kommune), Sara Bruteig Olsen (frilans) og Ingvild Dirdal Bjørnson (frilans).

Bli med oss å ta debatten over fredagsmiddagen!
Arrangementet krev inga påmelding.


Laurdag 22. februar
Workshops: praktisk arbeid retta mot den individuelle stemmen og kunstnaren

10:00–12.00 Jeff Pedersen: Frå idé til framsyning
Med ein bakgrunn som både skodespelar, regissør og produsent har Jeff Pedersen ein allsidig innsikt og kunnskap om det å produsere teater på eit høgt nivå. Amerikaneren har tidlegare jobba ved Sogn og Fjordane Teater, Det Norske Teateret, Opera Nordfjord og Bergen Nasjonale Opera. Som skodespelar har han vore kollega med både Tom Hanks og Stephen Fry, som regissør har han iscenesett framsyningar i på unike stadar, som nedlagte asyl på fjellet og i skjulte grotter ved havgapet. Han er særleg oppteken av å investere i nye talent, og i produksjonane hans finn vi omtrent alltid nyutdanna skodespelarar.

I denne workshopen, som både er praktisk og teoretisk, gir han sine beste metodar og teknikkar for å utvikle unike idear og scenekunst med høgt kunstnarisk nivå.

13:00–15:00 Fredrik Longva: Kill your darlings

Før Longva utdanna seg som regissør på KhiO, skapte han fleire forfriskande versjonar av gamle tragedier i Studentteateret Immaturus. I fjor haust hadde han regi på Dødsdansen på Trøndelag teater og i vår står De Urolige på Oslo Nye for tur. Med utgangspunkt i framsyningane han har jobba med i profesjonell samanheng, vil han gi ei praktisk innføring i teknikkar og metodar for korleis ein kan gå fram med å utvikle framsyningar. Korleis får ein den gode ideén, og korleis sett ein den ut i livet?

 

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ