SVEIN HOFSETH

Bilde til program

Å GJØRE HEL av Svein Hofseth

Laurdag 20.02 kl. 18:00 i Søylesalen

Å GJØRE HEL handlar om samfunnet vi bur i, og menneska i det – korleis interagerer vi og korleis inngår vi i ein heilskap?

Integrasjon handlar om korleis ulike personer eller grupper i eit samfunn inngår i en helskal. Eit samfunn sjåast som ei stabil eining med avgrensning mot omverda; og sentralt i samfunnet står menneska. Men kva innebærer det egentleg å integrere ein person eller gruppe – korleis inngår vi i en helskap? Og kan vi miste den heilskapen?

Det kan vere vanskelig å finne eintydige svar i ein integrasjonsdebatt. Kriteriane for ei vellykka integrering kan variere frå ein person til neste; er det språk, arbeid eller bosetting som er viktigast, eller kanskje kultur og sosiale relasjonar? Og kven skal bestemme kva et samfunn skal byggje vidare på? Befolkninga endrar seg, og nye samfunnsmedlem har rettighetar, og er dei mange nok får dei gjennomslag for sine verdiar og sakar.

I utforminga av forestillinga har Svein Hofseth og utøvarane jobba med motsetnaden mellom å føle seg framand, kontra å føle seg heime. Motsetnaden mellom å føle seg som ein del av omgivnadane sine, del av helskapen – eller å ikkje finne sin plass.

Forestillinga er en kollasj av relaterte bilete, med utgangspunkt i både tekstlege meiningsbæringar og ikkje-tekstlige – i kroppsspråk og dans, musikk og lydkulissar, lys og fysiske objekt. Hofseth jobber med integreringa av dei ulike kunstneriske elementene i forestillingens heilskap – for å skape bilete og paralleller til ulike falsett av integrasjonsomgrepet.

Hofseth er utdanna teaterviter og debuterer som regissør med Å GJØRE HEL. Idéen til forestillinga er utvikla saman med Anna Ree, lagai samarbeid med utøvarane Lise Aagaard Knudsen, Magnhild Marie Krog, Ingvild J. Våge og Bjarne Liland, som saman kombinerer ulike fysiske og musikalske uttrykksformar. I Bergen kjenner vi att både Svein og mange av dei andre aktørane i forestillinga frå Studentteateret Immaturus.

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3snapcode    unnamed-2  unnamed 

 

 

Brukarnamn: frontlosjen

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ