Rita Løvetannhjarte | Lina Taule Fjørtoft (NO)

Tenk å kunne pantast

TID
Laurdag 26. februar kl. 18.30
STAD
Søylesalen

«Vi snakkar ikkje om før, før er usnakka, det er som om før aldri skjedde.»
«Kva var det eigentleg som skjedde den gongen? Då eg var lita og du måtte dra»
«Vi har det jo fint no, vi har jo det. Eller?»

Rita Løvetannhjarte er historia om det å vakse opp i ein heim. Ein heim der noko skjult skurrar. Om det å vere lita og ville forstå, om store øyre som får med seg bruddstykke av det som skjer, og ein utsoppeleg fantasi som diktar vidare under dyna om kvelden. Om tida der du plutseleg får plass ved vaksenbordet og får fri tilgong på nye versjonar av ditt eige ukjente liv.

Dette er historia om før og no, og frykta og håpet for kva som kjem. Ei historie om fantasiens kraft i forvirrande tider og stega ein tek for å forstå verda rundt seg.  

Om kunstnaren

Lina Taule Fjørtoft hadde ei arbeidsvisning av Rita Løvetannhjarte på Frontlosjefestivalen 2020. Lina er utdanna skodespelar frå Nord universitetet (Verdal) og har vore tilknytt fleire prosjekt på både Den Nationale Scene og Det Vestnorske teatret. Ho er òg aktør og initiativtakar til vandreteaterkonseptet «Eventyr i Parken»

Rulletekst

Framsyninga er eit samarbeid med Blå Kors Kompasset og eit ynskje om å belyse deira arbeid og tematikken «rus i heimen».  

Idé, manus, skodespelar: Lina Taule Fjørtoft
Dramaturgi og regi: Ingrid Askvik
Musikalsk ansvarleg: Toivo Fjose
Musikar: Mathias Marstrander
Lys: Jan Neal Holden
Scenografiskisse: Silje Sandodden Kise
Mentor: Aslak Moe
Takk til: Frontlosjefestivalen, Blå Kors Kompasset
Støtta av: Bergen kommune, Fritt ord, Bergesenstiftinga, Norsk kulturråd, Proscen