Rita Løvetannhjarte (UFO)

Arbeidsvisning om løvetannborna som klarar seg mot alle odds, eller berre ønskjer å bli under asfalten.

Av Lina Taule Fjørtoft 
20. februar kl. 19.00 | 40 min | Søylesalen

[maxbutton name=»Kjøp billett»]

OM FRAMSYNINGA
Åtte år gamle Rita veks opp i ein heim full av flasker, eit flaskeunivers. Mr. Tequila er favoritten, for han har raud hatt og så kjem han frå Mexico! Han er veldig artig å leike med. – Han kan ikkje pantast, slik som meg, eg kan heller ikkje pantast, tenkjer Rita. Tenk å kunne pantast, det hadde vore flott, å kunne leve om igjen, ein ny start, ein annan stad. Litt som Brørne Løvehjarte når dei dreg til Nangijala. Ein ny start – kanskje det er det som ventar, om Rita berre kryp inn i panteautomaten?

UFO
Uferdig objekt. Ein første test, ein fyrste gong det vert sagt høgt, og satt ut i live, denne idéen som har logge på lur så lenge. Ei lesing, ein melodi, og kanskje noko meir? Rita Løvetannhjarte er ein idé og karakter som Lina prøvar å bli kjend med. Her vert du invitert inn til å følgje vegen mot ei endeleg historie, kanskje du har nokre innspel etterpå?

Om kompaniet
Lina Taule Fjørtoft har bakgrunn fra teaterproduksjon og skodespelarfag på Nord universitet (tidl. HiNT). Ho jobbar særleg med barn som tema eller målgruppe, og har medvirka i fleire produksjonar på DNS, og har òg utvikla eigne teaterproduksjonar, både i Bergen og andre stadar.

Medverkande
Produsent/dramatikar/på scena: Lina Taule Fjørtoft – Musikk: Arne Toivo Fjose Sandberg – Scenografiskisse: Silje Sandodden Kise

Støtta av Bergen kommune.