Ein elektrisk tragikomedie om generasjonskløfta, forbrukarsamfunnet og knipeøvingar
Av Kompani KATLA
Fredag 21. februar kl. 19.00 | 70 min | Søylesalen

OM FRAMSYNINGA
«UNDER KRIGEN VAR DET IKKE SÅ FARLIG, DE SOM LEVDE UNDER KRIGEN KUNNE DØ NÅR SOM HELST AV SYKDOMMER ELLER I BOMBEANGREP. DE LEVDE SOM I POPSANGER SÅNN LET ́S DIE YOUNG DRUNK ON LOVE IN A CAR CRASH ON THE DANCE FLOOR BABY. DE FIKK IKKE NEDBETALINGSPLANER PÅ 25 ÅR. MEN VERDEN SKAL BLI GAMMEL NÅ. DU SKAL IKKE DØ.»
Kompani KATLA har laga ei framsyning om det å bli vaksen, utan å klage. Resultatet er 32 klagar. Mykje frå denne framsyninga er notert bak kassa i ein bokhandel i sinne og panikk over å måtte selje «månadens kupp». Før betydde kupp revolusjon, no betyr det sal! Gjennom e-postar sendt til både offentlege og kommersielle firma, utforskar RE:RE:RE: forhaldet mellom forventing og mestring i møte med vaksenlivet.
På scena er tre skodespelarar, ein projektor og ei handlevogn. RE:RE:RE: finn sitt uttrykk i skjeringspunktet mellom grovt alvor og absurd komikk. Framsyninga styres av skodespelarane og er open om sin openbart teatrale identitet. Til lyden av 80-talls-beats isceneset RE:RE:RE: mange unges mest skamfulle indre dialogar.
Medverkande
Regi: Eirin Lindtner Storesund – Tekst: Mari Nilsen – Produsent: Ingvild Bjørnson – Scenografi og lys: Oda Holmvik Bredvold – Musikk: Jonas Hibiki – På scena: Petronella Ibsen-Børnick, Julie Kobashi Berrum og Aslak Rossehaug.
Om kompaniet
RE:RE:RE: er den første produksjonen til Kompani KATLA, eit nyetablert teaterkompani av og med Mari Nilsen, Ingvild Bjørnson og Eirin Lindtner Storesund. Mari har bakgrunn frå skrivekunstakademiet, og Eirin og Ingvild frå teatervitskap på UiB. Dei har tidlegare produsert teater saman i Studentteateret Immaturus. Kompaniet lager ny scenekunst for både unge og vaksne, med eit tragikomisk tilsnitt.
Støtta av Bergen kommune, Oslo teatersenter, Frifond og Dramatikkens hus.