Ei energibombe fylt med kjensler og presisjon
Av Grov Productions
Laurdag 22. Februar kl. 20.30 | 60 min | Kongesalen
[maxbutton name=»Kjøp billett»]

OM FRAMSYNINGA
Dette er ei personleg forteljing, basert på koreograf Brita Grov sine opplevingar kring det å ha diabetes og vere dansar. I ein bransje kor kroppen står i fokus, har Grov ofte vore frustrert over sin eigen kropp. Med denne framsyninga kjem hennar påkjenningar og kjensler til uttrykk, både individuelt og kollektivt. Med dette personlege bakteppet, utforskar framsyninga det kvinnelege kroppsidealet i dag.
Gjennom sterke rørsler og personlege historiar uttrykker fem kvinner panikk, stress, angst, anspentheit og usikkerheit. Dei har eit dansespråk kor pusten spelar ei viktig rolle, og rørslene spenner frå å vere langsame og intuitive til raske og rytmiske.
Medverkande
Koreograf: Brita Grov – Dansarar: Georgia Heighway, Hazel Firth, Sara Røisland Torsvik, Sophie Thorpe, Robyn Ann Holder – Kostyme og lysdesignar: Magdalena From Delis – Mentor: Marit Loe Bjørnstad
Om kompaniet
Brita Grov kjem attende til Frontlosjefestivalen, etter at ho for to år sidan viste ei intens og kraftig arbeidsvisning av Her Past in Their Present Now. Brita har utdanning frå LABAN og bakgrunn frå mellom anna ESC ungdomskompani. Ho har eit forfriskande uttrykk i den bergenske dansescena.
Støtta av Bergen Kommune, Stord Kommune og Fond For Utøvande Kunstnarar, produsert i samarbeid med Spinae Company og Bergen Dansesenter.