Ein meditativ dans med menneskekroppen og japanske stearinlys
Av Yohei Hamada
Torsdag 20. februar kl. 20.30 | 55 min | Kongesalen
[maxbutton name=»Kjøp billett»]

Today, I dance with my body with my tail. I look forward to seeing the world as a tail holder (it may not be too bad)
OM FRAMSYNINGA
Det er ein mørk og nordisk aften. Ein meditativ dans med menneskekroppen og japanske talglys let publikum oppleve ei tid og eit rom i stadig endring. Hamada er nysgjerrig på korleis ulike element i naturen rører seg, slik som vatn og skyer. Og det får han til å undre på om det er sant at menneska har mista halane sine? Halebeinet sitter fortsatt ved enden av ryggraden og du kan til og med røre det. Det er lite, men det er der. Kan ein da seie “Eg har framleis halen min, slik som andre dyr?”
Yohei har brukar det lille som er igjen av halen sin til å styre sine rørsler og lurar på korleis heile kroppen og funksjonane blir påverka av det. Slik skapar han passive, presise og skjøre rørsler, med eit organisk mønster.
Om kompaniet
Som dansar, jobbar Yohei mest med soloarbeid og dette er den første heilaften danseframsyninga han produserer og visar i Bergen. Han kjem frå Japan og er utdanna innan dans der, etter å ha vidareutdanna seg i Salzburg er Bergen blitt hans faste tilhaldsstad.
Medverkande
Konsept og utøvar: Yohei Hamada – Lysdesign: Randiane Sandboe – Promo design: Horoko Momose – Foto: Bozzo
Støtta av Bergen kommune, FFUK og Bergen dansesenter. Spesiell takk til Mind The Gap, BIT Teatergarasjen, House Aragami, Cafe Muriwui