YVA Theatre Company

The First Time I Saw The Sea

Fredag 23. februar kl. 20.00 i Kongesalen
Varighet: ca. 60 min. 

YVAThe First Time I Saw The Sea er ei nysgjerrig og gledeleg utforsking av minne. I denne framsyninga møter vi Oscar, ein brilliant komponist, vågal eventyrar og håplaus romantikar som elskar å fortelle sine historiar om og om igjen til alle som vil høyre på han. Nokon vil nok òg påstå at han føretrekk ein god løgn framfor ei sann forteljing. Men når han byrjar å gløyme sine eigne historiar, kor blir dei da av? Kven er han utan minna sine?

Med eit dykk inn i minners rot og mysterier presenterer YVA ei framsyning om minne, fantasi og den uklare linja mellom dei to. I ein evig søken etter innovative måtar å fortelje historier på, nyttar denne framsyninga masker, musikk og forteljarteater som verkemiddel for å balansere på linja mellom komedie og tragedie.

Medverkande: Konsept og aktørar: Maren Ylva Nysæther Sørensen, Elias Hauter, Miriam Fernandes, Tonje Dreyer Sellevoll, Sturla Alvsvåg.

Om kompaniet
YVA Theatre Company er eit internasjonalt teaterkompani med base i Frankrike, Noreg og Canada. Kompaniet består av Sturla Alvsvåg, Tonje Dreyer Sellevoll, Miriam Fernandes, Elias Hauter og Maren Ylva Nysæther Sørensen, alle utdanna ved Ecole Jacques Lecoq i Paris.

Etter ei rekke vellukka framsyningar med sin første produksjon, Nesen, på festivalen MINI MIDI MAXI i 2017, gler YVA Theatre Company seg til å vere attende i Bergen med verdspremieren på vår nye framsyning, The First Time I Saw The Sea. Etter å ha jobba med teamet og utvikla framsyninga på residensar i mellom anna Australia og Canada, er dei no attende i Noreg og gler seg til å dele dette gjennom Frontlosjefestivalen.

 

 

Om Frontlosjefestivalen – Program 2018 – Billettar

Facebook Page Frontlosjen

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3Instagram-Logosnapcodeunnamed

Brukarnamn: frontlosjen

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ