Papirvinger

What Shines

Torsdag 22. februar kl. 20.00 i Kongesalen
Varighet: ca. 45 min.

”Vi lever på en ufattelig nydelig liten planet, men vår eksistens som mennesker er truet. Hvis vi skal overleve må vi lære oss å tenke annerledes. Fremtidens tanker må være naturlojale. De må omfatte alle mennesker. Alle levende vesener. For alt levende liv har en egen verdi.” (Arne Næss)

 

Dypøkologien/økosofi baserer seg på åtte punkt som kort kan oppsummerast på ei A4-side, men som likevel er så kompleks at det inkorporerer eit heilt verdssyn. Den leikne professoren Arne Næss var inspirert av økologien, men opplevde at den som vitskap forsøkte å bli like objektiv og nøytral som andre naturvitskapar. Derfor konkluderte han med at vi må gå frå økologi til økosofi som fokuserer på verdiar. Det er ikkje nok å konstatere noko, ein må òg ta aktivt stilling og gjere noko. I Næss sin ånd dykker vi med barnlig nysgjerrighet inn i den djupe filosofien og zoomar oss inn på det nære og minste. Sjølv eit lite insekt kan vise seg å vere ein viktig brikke i det store puslespelet. Vårt uttrykk og handlingsrom i denne framsyninga er det dansekunstnariske. Kanskje kan våre rørsler lage ringar i vatnet?

Medverkande: Konsept og koreografi: Ine Terese Hogstad i samarbeid med Kyuja Bae – Utøvarar: Ine Terese Hogstad, Kyuja Bae – Musikar og komponist: Hanne Vatnøy – Lysdesign: Thomas Bruvik i samarbeid med Ine Terese Hogstad – Kostymedesign: Ine Terese Hogstad

Om kompaniet
Papivingar har sidan 2014 vore føretaket til dansekunstnar Ine Terese Hogstad. Hogstad har ein bachelorgrad i dans frå UiS (2006) og ein Nordic Master of Arts in Dance frå NTNU/Stockholm/København/Tampere (2015).

Produksjonen er støtta av Bergen Kommune, FFUK og Bergen Dansesenter. 

Om Frontlosjefestivalen – Program 2018 – Billettar

Facebook Page Frontlosjen

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3Instagram-Logosnapcodeunnamed

Brukarnamn: frontlosjen

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ