Allegro for to
Torsdag 22. februar kl. 18.30 i Søylesalen
Varighet: ca. 30 min.
Allegro for to (arbeidstittel), er ei framsyning som forskar i temaet einsemd med teknikkar frå klovn- og maskespel. Einsam frivillig eller ufrivillig, åleine eller med andre, i kjærleik eller sorg. Kompaniet vil undersøke kva det vil seie å stå utanfor eit felleskap og når det kan bli farlig.
Å kjenne på einsemd kan vere sårt og vanskelig å snakke om som ung. Framsyninga tek sikte på å opne for dialog om einsemdmed og mellom barn.
Medverkande: Utøvarar: Henrik Tidemann, Haflidi Arnar Haflidason.
Om kompaniet
Kvadratteatret består av Haflidi Arnar Haflidason, Andrea Jervell, Henrik Tidemann og Andrea Mølmen, som vart ferdigutdanna frå Teaterhøgskolen i Nord-Trøndelag og NSKI høyskole sommaren 2016. Kvadratteatret er eit teaterkompani som produserer framsyningar for ulike målgrupper. Kompaniets første produksjon, Krokodilletyven, hadde premiere hausten 2017.
Frontlosji / UFO
Kvadratteatret har Frontlosji på årets festival. Etter ei vekes intensive prøvar på Cornerteateret vil dei presentere ei arbeidsvisning, eller eit uferdig objekt (UFO). Etter visninga kan publikum gi attendemelding til kunstnaren.
Kvadratteatret har som mål å ha utvikla og produsert ferdig framsyning våren 2019, med premiere i Bergen.
Om Frontlosjefestivalen – Program 2018 – Billettar
Følg festivalen i sosiale media:
Brukarnamn: frontlosjen
// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ