Grov Productions

Her Past in Their Present Now

Fredag 23. februar kl. 18.30 i Søylesalen
Varighet: ca. 30 min.

Grov Productions’ nyaste framsyning, Her Past in Their Present Now, er eit personleg stykke. Grov utforskar den fysiske og psykiske påkjenninga det er å ha diabetes i danseverda. Framsyninga tek for seg hennar og dansarane sine personlege hendingar og kjensler frå kroppspress og korleis ein ideell dansekropp bør sjå ut. Stykket er koreografert for ei gruppe kvinnelege dansarar frå ulike etniske bakgrunnar og med varierande fysikk, der dei saman skapar ein refleksjon rundt dette temaet. Gjennom sterke bevegelsar, intense handlingar og ved bruk av pust og tekst avslører dansarane sin anspenthet, angst, stress, tristhet, panikk og usikkerhet.

Medverkande: Konsept: Brita Grov – Dansarar: Hazel Firth, Georgia Heighway, Sophie Thorpe, Samantha Furnival og Robyn Holder.

Om kompaniet
Brita Grov jobbar som frilans dansekunstnar og er kunstnarisk leiar for sitt eige kompani, Grov Productions. Grov Productions er eit moderne dansekompani som tek utgangspunkt i personlege hendingar både psykisk og fysisk.

UFO
Her Past in Their Present Now er eit work in progress som starta sommaren 2017. På Frontlosjefestivalen får vi sjå ei arbeidsvisning, eller eit uferdig objekt (UFO) i samarbeid med Bergen Dansesenter. Etter framsyninga vil det vere mogleg for publikum å gi attendemelding til kunstnarane.

Kompaniet rettar ein spesiell takk til Jomar Grov, Øydis Grov, Johannes Grov, Jarand Grov, Britt Helen Kjellsen, Simona Kortenhaus, Camilla Skrede Johannessen, Janet & Gary Freeman, Liv & Jon Espeland, Erling Espeland, Annbjørg & Anders Grov, Spinae Company, Bergen Dansesenter og til alle andre som har støtta prosjektet.

 

 

 

 

Om Frontlosjefestivalen – Program 2018 – Billettar

Facebook Page Frontlosjen

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3Instagram-Logosnapcodeunnamed

Brukarnamn: frontlosjen

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ