Etter fire festivalar, 22 framsyningar, 74 artistar og uante bobler er eventyret Frontlosjefestivalen over.
No går vi i dvale, men hugs: Draco dormiens nonquam titillandus.
Festival for fersk scenekunst
I løpet av ei langhelg i februar byr vi på nye framsyningar, seminar og god stemning på Cornerteateret i Bergen. Målgruppa for festivalen er alle i Bergen som likar (eller lurer på om dei kanskje likar) dans og teater.
Frontlosjefestivalen er ein visnings-, kunnskaps- og nettverksarena for profesjonelle scenekunstnarar eller konstellasjonar som på sitt vis er i ein etableringsfase. Vår definisjon av å vere i ein etableringsfase er både vid og konkret – det kan vere prosjekt frå nyutdanna kunstnarar, nye konstellasjonar frå nye eller erfarne kunstnarar, ferske kompani, erfarne kunstnarars fyrste soloprosjekt, og liknande. Felles for alle er at dei treng tillit og rom for å vise kva dei har å by på.
VÅRT MANDAT
Visningsarena
Vårt hovudmål er å tilgjengeleggjere fersk scenekunst for eit breitt publikum. Frontlosjefestivalen skal synleggjere breidda i scenekunstfeltet i Bergen og Vestland ved å vere eit visningsrom for profesjonelle kunstnarar som på kvart sitt vis er i ein etableringsfase.
Gjennom å presentere ny og spennande scenekunst av aktørar i teater-, danse- og performancefeltet, vil vi nå ut til publikum som er interesserte i scenekunst, god stemning og nye impulsar.
Kunnskapsarena
FRONTROM. Vårt faglege program speglar Frontlosjen sine interesser og bidrar til utvikling og kompetanseheving i bransjen. Med kunnskapsrike, erfarne og inspirerande fagpersonar tilbyr Frontlosjefestivalen seminar og kurs som gir dei riktige verktøya for å komme seg opp og fram som kunstnar og kulturarbeidar.
KUNSTNARISK VEKST. Vi har som mål å styrke kunnskap og ferdigheter rundt scenekunstproduksjon hos dei utøvande kunstnarane i festivalen. Derfor tilbyr vi oppfølging undervegs i prosessen og samtalar med erfarne bransjefolk i etterkant. Vi vil gi artistane og kunstnarane høve til å utvikle seg i trygge rammer kor dei har moglegheit til full utfoldelse utan å tenke på det økonomiske og produksjonsmessige rundt visninga av sjølve framsyninga.
Nettverksarena
Frontlosjefestivalen er ein brubyggjar. Målet er at deltaking på festivalen skal bidra til å at blir enklare å komme seg eit steg vidare i si kunstnariske karriere. Derfor legg vi vekt på å invitere bransjefolk som kunstnarane ønskjer å knyte kontakt med.
Men like viktig: Festivalen skal vere den naturleg plassen å oppsøke for å oppleve nye impulsar og talent innanfor scenekunst i Bergen og Vestland.
Frontlosjefestivalen skal skape eit miljø som dyrkar kunstnarisk inspirasjon og skapar samhald.
Godt miljø skapar god kunst!
KUNSTNARLEG VISJON
Frontlosjefestivalen presenterer scenekunst med eit kunstarleg uttrykk som på ulike måtar er representativt for det frie feltet i Bergen. Uansett kven målgruppa er, søker vi produksjonar som utforskar estetikk, tematikk og form på nye måtar.
Vi gir folk ein sjanse på bakgrunn av kunstnarane sitt konsept. Det kan vere vanskeleg å få tillit utan erfaring, og det blir lagt mykje vekt på den enkelte produksjonen heller enn den kunstariske heilskapen. Vi er mest interessert i dei som står bak framsyninga og legg vekt på pågangsmot, klare kunstnariske mål og visjonar og gode konsept. Vi ønsker å fronte folk med planar vi trur på, uavhengig av om vi er direkte i målgruppa for kunsten dei lagar.
Vi jobber for at festivalen kan bli eit kvalitetsstempel å ta med seg vidare i ein kunstnarleg karriere.
LITT HISTORIE
Biennalen Frontlosjefestivalen vart arrangert fyrste gong februar 2016 på Cornerteateret i Bergen. Den gangen var målet å skape ein manifestasjon av potensialet til byens nye scenerom: ein stad der ferske og utforskane scenekunstnarar har rom til å utfalde seg, som skapar grobunn for vekst og trivsel.
Festivalen har frå fyrste stund fått gode attendemeldingar frå både kunstnarar, publikum og bransjefolk: dette er eit viktig arrangement for å syne mangfaldet og potensialet til scenekunstfeltet i regionen.
Etter ein vellukka trilogi går festivalen no frå å vere eit overskotsprosjekt laga av to scenekunstsupportarar, til å bli ein offisiell del av Cornerteateret. Dette tyder enno betre rammer for publikum, kunstnarar, ferske administratorar og bransjefolk. Det gler vi oss til!
Desse kunstnarane deltok på Frontlosjefestivalen i 2016, 2018, 2020 og 2022.
Ansikta bak festivalen
Prosjektet var initiert og utvikla av Ingrid Saltvik Faanes (produsent og kunstnarleg leiar) og Ragnhild Gjefsen (kunstnarleg leiar). Begge har mastergrad i teatervitskap og erfaring som produsentar i det frie scenekunstfeltet, i tillegg til å ha nær tilknytning til Bergens scenekunstinstitusjonar og akademia.
Les meir om festivalteamet her
