HENNES MAJESTET

DSC04619
Drømmen av Hennes Majestet

Laurdag 20.02 kl. 20:00 i Kongesalen

Med  «Drømmen» lagar Hennes Majestet ei framsyning om det som ligg utanfor vårt samfunns forestillingsevne – å tenkje seg ei verd utan olja.

Vi menneske har alltid trudd at enden er nær, sjølv om alt går bra – mange vil seie bli betre – i framtida. Er det ansleis no som vi blir fortalt at heile verda slik vi kjenner den faktisk kan forsvinne? Kan vi leve utan olje? Eller er spørsmålet heller: kan vi leve vidare med den? Vi kvilar fortsatt hovudet på ein dunmjuk velferdsdaum i uvitenhetens mørke, men kanskje er det i den mørkaste timen at lyset kan skinne som sterkast?

Det einaste som betyr noko for teaterkompaniet Hennes Majestet er å leve i takt og kontakt med folket. Å få med seg alle dei umiddelbare rørslene og utsagna, vri og vende på dei, for så å gi dei attende. Endeleg eit teaterkompani som ikkje snur seg over skuldra og ser attende, eller står med kikkert i framtida, men finn fram lupen og tek eit knallhardt grep om samtida og let den bestemme tematikk, uttrykk og estetikk. Henne Majestet vil la Ibsen kvile i grava, slik at dei kan gi produksjonar ingen har sett makan til. Kom og nyt ein representasjon av røynda rundt deg i den hensynslause utforskande teaterutforminga. Hennes Majestet har talt: teater nytast best som ferskvare.
Det bergensbaserte kompaniet Hennes Majestet består av Emma Helene Heggdal, Marie Kallevik Straume og Helena Wik. Teaterkompaniet Hennes Majestet hadde i 2014 premiere på si første forestilling; «Du ser meg». No er dei klare for å realisere den store draumen på Frontlosjefestivalen.

 

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3snapcode    unnamed-2  unnamed 

 

 

Brukarnamn: frontlosjen

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ