Søknadsfrist 1. desember 2020
Cornerteaterets festival for fersk scenekunst arrangerast neste gong i februar 2022. Om du ønsker å vere med på å fylle festivalen med det siste innan scenekunst, har du no høve til å søke!
Utdrag frå framsyningane på Frontlosjefestivalen 2020. Foto: Jørn Lavoll
Til Frontlosjefestivalen kjem folk for å få med seg ny og utforskande scenekunst i alle sjangrar. Som visnings-, kunnskaps- og nettverksarena, kan publikum kan plukke opp nye vibbar, ferske initiativ kan vise seg fram og ta sjansar innanfor trygge rammer, og scenekunstnettverket i Vestland-regionen kan få fagleg påfyll, nye kontaktar og inspirerande idear.
Ut av komfortsona 2022
Neste festival har spesielt fokus på, men er ikkje avgrensa til, prosjekt som byr på ferske idear om kva scenekunst kan vere. Anten det er utforskande i form, infrastruktur eller det er scenekunstnarar som prøver noko heilt nytt: overrask oss!
Vi vil sjå ting som vi ikkje har tenkt på før, som finn vegen ut av komfortsona, og røskar i etablerte strukturar og tenkemåtar. Prosjekt som på kvart sitt lille (eller store) vis stakar ut vegen for morgondagens scenekunst i tida etter at kvardagen vart snudd på hovudet.
Prosjektet de søker med treng ikkje vere ferdig utvikla – vi er ute etter den gode ideen, motivasjonen til å drive med scenekunst og det å syne gjennomføringsemne. Vi er i hovudsak på jakt etter urframsyningar, men vurderer også arbeidsvisningar.
Prosjekta blir vurdert ut frå grad av profesjonalitet, kvalitet, potensiale og nytenking. I tillegg må det vere gjennomførbart innan festivalen sine rammer. Vi legg vekt på søknadar med tilknyting til Bergen og Vestland.
Å delta på Frontlosjefestivalen gir høve til å vise scenekunst i ein festleg og profesjonell samanheng. Festivalteamet gir tett oppfølging opp mot festivalen, både med ein til ein-rådgivning tilpassa ulike behov, og felles workshops og seminar. Målet er at deltakarane får rom for å utvikle seg som kunstnarar og betre nettverket sitt, med framsyning på festivalen som rosina i pølsa!
Vi stiller med
- Rammer for framsyninga: visningslokale, grunnleggjande teknisk utstyr og personale.
- Promotering og blest rundt framsyningane i festivalen
- Kontakt med nettverk og bransje
- Kunstnarisk og administrativ oppfølging
- Moglegheit for arbeidsvisning i 2021
De stiller med
- Eit nytt scenekunstprosjekt basert på eigne kunstneriske idear
- Ein sjølvfinansiert produksjon
- Eigne aktørar, kunstnarisk team og teknikarar til gjennomføring av framsyninga
Søknaden skal innehalde:
- Motivasjonsbrev (maks éi side) med:
- skildring av kompaniet eller aktør(ane)
- kunstnariske visjonar og mål ein har som scenekunstnar
- Prosjektskildring for framsyninga de ønsker å vise på festivalen (maks éi side) med:
- Skildring av ideen
- Korleis dette skal iscenesetjast
- Førebels finansieringsplan for prosjektet
- CV – kort skildring av relevant bakgrunn frå dei medverkande (maks éi side per person)
SØKNADSFRIST 1. desember 2020
Send søknaden til post@frontlosjen.com merka Søknad Frontlosjefestivalen 2022
Spørsmål kan rettast til same adresse.
MERK: Frontlosjefestivalen er avhengig av tilstrekkeleg finansiering for å kunne gjennomførast – endringar kan skje.