Utrop: Frontlosjefestivalen 2018

Frontlosjefestivalen 2016 viste seg å vere reine eventyret – no håpar vi å bringe suksessen vidare inn i 2018. Vi søker etter nye prosjekt som vil delta på neste Frontlosjesfestival.

Frontlotionsfestival-5_foto_MagnusHalsnes

Frontlosjefestivalen er ein visnings-, nettverks- og kunnskapsarena for scenekunstnarar i etableringsfasen. Anten de nettopp starta eit teaterkompani, er nyutdanna scenekunstnarar eller planlegg dykkar første produksjon – da er Frontlosjefestivalen perfekt for dykk.

Vi byr på

– Visningslokale og -rammer rundt framsyninga
– Grunnleggande teknisk utstyr og hjelp
– Generell marknadsføring
– Blest om festivalen og dei enkelte framsyningane til relevante aktørar og nettverk (t.d. Den kulturelle skulesekken og andre festivalar og programmerande teater)
– Kunstnarisk og administrativ oppfølging, viss ønskelig

De stiller med

– Ein sjølvfinansiert produksjon
– Eigne aktørar og teknikarar

Prosjektet de søker med treng ikkje vere ferdig utvikla – det vi er ute etter er den gode ideen, motivasjonen til å drive med scenekunst og det å syne gjennomføringsemne.

Frontlosjefestivalen utspel seg over ei langhelg på Cornerteateret i februar 2018, og har som krav at produksjonane som deltek passar inn i Søylesalen/Kongesalen og kan rigge inn og ut på eitt døgn.
Framsyningane blir vurdert ut frå ulike krav om profesjonalitet og kvalitet, samt om det er gjennomførbart i festivalens rammer.

Søknaden skal innehalde:

- Kven – skildring av kompani eller aktør(ar)
- Kva – kort prosjektskildring (maks éi side)
- CV – kort skildring av relevant bakgrunn frå dei medverkande (maks éi side)
- Førebels finansieringsplan

SØKNADSFRIST 10. desember 2016. 

Send søknaden til post@frontlosjen.com 

Spørsmål kan rettast til same adresse.

NB! Prosjektet er avhengig av tilstrekkeleig finansiering for at det skal kunne gjennomførast – endringar kan skje.

fuge_2

Frå Lisa Bysheim og Fredrick Schjelderups forestilling Fugue – fju:g/ under Frontlosjefestivalen 2016. Foto: Hanna Aga /Michelle Daae

1img_6657

Frå Hennes Majestets forestilling Drømmen under Frontlosjefestivalen 2016. Foto: Knut Eirik Molvik

photo_yanivcohen-3269Frå Jennifer D. Heuthemanns forestilling ZOE under Frontlosjefestivalen 2016. Foto: Yaniv Cohen

img_6969Frå Svein H. Hovlands forestilling Å gjøre hel under Frontlosjefestivalen 2016. Foto: Hanne Aga

Tags: